Målfarleg angripar klar for Os Fotball!

Roger Blokhus Ekeland har signert for Os Fotball! Her er han på Kuventræ med sin nye trenar, Endre Brenne!

Angriper klar for Os Fotball; Roger Blokhus Ekeland (24) kjem frå Obosligaklubben Sandes-Ulf!

Roger Blokhus Ekeland har sidan sommaren 2017 vore Sandes-Ulf spelar, i tillegg til eit utlån til andredivisjonsklubben Egersund våren 2018. Lengre sør har angriparen fått med seg erfaring frå Obosligaen og PostNord-ligaen, før har no har valgt å returnere til heimlegare trakter. Han har no signert ein toårig avtale med Os Fotball!

Angriparen frå Kvinnherad blei henta til Sandes-Ulf frå Stord Fotball etter å ha bøtta inn mål for stordingane i Norsk Tipping-ligaen våren 2017 – deriblant tre mål mot Os Fotball. Han fortsette scoringsshowet etter klubbskiftet i same divisjon for Sandes-Ulf 2, og enda med heile 25 mål i tredjedivisjon den sesongen! No er den hurtige angrepsspelaren klar for å bøtte inn mål for Os Fotball i Norsk Tipping-ligaen.

Kvifor kjem du til Os Fotball, og kva kan du tilføre klubben?

«Eg kjem rett og slett til Os Fotball grunna klubben sine ambisjonar som eg synest er spennande! Det eg kan tilføre klubben er fysikk og mål», seier Ekeland før han fortel kva han forventer av seg sjølv og laget i 2019.

«For laget synest eg me skal ha ambisjonar om å spele god offensiv fotball, og for min eigen del har eg ambisjonar om å score 20+ mål i årets sesong, avsluttar ein offensiv Ekeland.

Hovudtrenar Endre Brenne er godt nøgd med å få på plass angriparen.

«Eg er veldig nøgd med at me har klart å landa ein spelar av Roger sitt kaliber. Han kjem frå profesjonell fotball i Sandes-Ulf og vil med sin erfaring og kvalitet vere med å løfte resten av gruppa vidare. Denne signeringa gjer at me får fleire strengar å spele på og me ser veldig spennande ut offensivt», uttaler Brenne.

Spelande assistent, Rune Åsheim Mo, er barndomskompis med Ekeland, i tillegg til at dei har vore lagkameratar i Stord og Trio. Han er i likskap med Brenne strålande nøgd med signeringa.

«Med denne signeringa kan me seie at me viser ambisjonar som er Os Fotball verdig. Roger er ein kvalitetsspelar som høyrer heime på eit høgare nivå enn Norsk Tipping-ligaen, og det er slike spelarar me vil hente inn for å løfte klubben der me ynskjer. Han har ei profesjonell haldning til trening, og er ein som vil ta standarden i treningsarbeidet eit steg vidare», avslutter Mo.

Velkommen til klubben Roger!