Malermester Kvittingen støtter Os Fotball vidare

«Det er ei krevjande tid og me er glade for å kunne støtte Os Fotball vidare. Me ynskjer å bidra til at ein fortsatt har eit godt aktivitetstilbod på Kuventræ også etter denne tøffe tida», seier dagleg leiar i Malermester Kvittingen AS, Terje Kvittingen.

Malermester Kvittingen har vore ein god støttespelar i mange år og me er utruleg takksame for støtta. Malermester Kvittingen er eit profesjonelt malerfirma med lang erfaring innan bransjen, og har sidan oppstarten i 2003 hatt ei god og positiv utvikling. Firmaet er godkjent som opplæringsbedrift, er medlem av Malermesterens Landsforbund, og utfører alle typer malerjobbar og tapetsering. Dei er også godkjent våtromsbedrift.

Du kan besøke Malermester Kvittingen AS i Borgavegen 23 og på nett her: https://malermesterkvittingen.no.

Tusen takk for støtta!