MagnorVinduet fortsetter som hovudsponsor for Os Fotball!

Ole-Vidar Skaathun og MagnorVinduet fekk pris som årets samarbeidspartner 2018 under Os Fotball-gallen i november. Hovudsponsoren vår er med vidare i tre nye år! (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

For tolv år sidan vidareførte Ole-Vidar Skaathun familietradisjonen med å sponse Os Fotball. Sidan den gang har MagnorVinduet vore klubbens hovedsponsor; det fortsetter dei med i tre nye år! 

Skaathun-familien har stolte tradisjoner i å støtte Os Fotball, noko dagleg leiar i MagnorVinduet, Ole-Vidar Skaathun har vidareført. Bestefar til Ole-Vidar, Nils Lyssand, dreiv Lyssand Treindustri og var sponsor til Os før Ole-Vidar med MagnorVinduet kom på bana for tolv år sidan. Sidan den gang har MagnorVinduet vore hovudsponsor og støtta klubben i tjukt og tynt. På Os Fotball-gallaen i november fekk Ole-Vidar Skaathun og MagnorVinduet ein velfortent hyllest med pris som årets samarbeidspartner i 2018! Under mottakinga av prisen var Ole-Vidar tydeleg på at det er ein glede å støtte det lokale og at han med stolthet ser på logoen til MagnorVinduet på Kuventræ. Du kan lese meir om seremonien i Oseana her:

Fantastisk stemning på fotballgallaen i Oseana!

MagnorVinduet produserer og leverer framtidsretta vindu- og dørløysinger der kvalitet, design og holdbarhet står heilt sentralt. Produkter frå MagnorVinduet har ein dokumentert levetid på 60 år og er utviklet og produsert i Noreg av eit heil-eid norsk selskap.

Me er utruleg takknemlige for støtta frå MagnorVinduet, som er utruleg viktig for fotballaktiviteten for born, unge og vaksne i Os Fotball!

Me ser fram til vidare samarbeid i åra som kjem!

Gjensidig kjærleik (Foto: Benjamin Søgnen Olsen, Os og Fusaposten).

Besøk MagnorVinduet på nett her:

Hjem

Les også intervju med Ole-Vidar i Os og Fusaposten om engasjementet for Os Fotball: http://www.osogfusa.no/sport/ole-vidar-skaathun-er-fra-fana-men-blodet-hans-er-gult-og-svart-1.2553533

Viktig støttespelar! (Foto: Benjamin Søgnen Olsen, Os og Fusaposten).