Har du lyst å kose deg med fotball i eit sosialt og godt fellesskap?

Om du har lyst å kose deg med fotball i eit sosialt og godt fellesskap er du velkommen til Os Damer sitt 7-lag i 2019!

Har du lyst å kose deg med fotball i eit sosialt og godt fellesskap? Då er du hjerteleg velkommen hos Os Damer sitt 7-er lag i 2019!

I Os Fotball har me som mål å legge til rette for flest mogleg, lengst mogleg, noko Os Damer sitt 7-er lag er eit eksempel på. Dette er eit tilbod med plass til alle, der det sosiale er i førersetet. Laget blei oppretta i 2018 av lagleiar og pådriver Jorunn Staverløkk, som kan informere om at tilbodet så langt har vore ein kjempesuksess. Staverløkk seier det har vore ein fin miks av damer i alle aldre og at dei har det utruleg artig saman. Ho ynskjer no at enda fleire vil vere med på moroa i 2019!

«Dette er eit tilbod til alle som har lyst å spele fotball og ha det artig. Me har det utruleg artig saman og har sidan oppstarten hatt eit varmt og godt sosialt fellesskap der alle støtter kvarandre og er positive. Det er veldig god stemning både på trening og kamp. Me fokuserer på mestring, så hos oss er alle garantert speletid i kamp. Me har også gjennom sesongen hatt med fleire ungdommer, som er kjempekjekt», seier Staverløkk før ho fortsett.

«For tida trener me inne på onsdager mellom kl. 20.00-21.30 og er omlag 10 damer. Det hadde vore kjempekjekt om enda fleire vil vere med, hos oss er alle velkommen!»

Staverløkk fortel også at dei samarbeider med damelaget gjennom sesongen, der dei frå A-laget damer som ynskjer det kan vere med å trener og speler kamp med 7-laget.

Om dette kunne vore noko for deg eller nokon du kjenner, ta kontakt med lagleiar og pådriver Jorunn Staverløkk på tlf. 979 69 857. Dersom det er mange som vil vere med kan det vere aktuelt å melde på fleire lag i 2019, der fristen for påmelding av lag er 15.februar.

Velkommen til fotball i Os Fotball uansett alder, nivå og ambisjoner!