Lokale gutar er med vidare: – troppen byrjar å sjå sterk ut!

Dei lokale gutane Tobias Nøss, Sander Kvittingen og Lars Hadler-Olsen er med vidare – det er me strålande nøgde med!

«Nye viktige signeringar på plass for 2021! Eg er veldig glad for at alle tre er med i 2021. Troppen byrjar å sjå sterk og god ut«, seier trenar Endre Brenne.

Tobias Blindheim Nøss

Tobias Blindheim Nøss (19) er ein ballsikker midtbanespelar med god forståelse for spelet. Sett vekk frå eit kort opphald i Fana som juniorspelar, har unggutten spela i Os heile livet og gått gradene til A-laget. Tobias har også spelt på kretslaget. Unggutten debuterte for a-laget mot Lysekloster i 2019, og me gler oss til å sjå meir til han i åra som kjem – det gjer også trenar Brenne:

«Tobias er ein meget ballsikker og smart fotballspelar som kan spele i fleire posisjonar på midtbana. Ambisiøs kar som er veldig profesjonell både på og utanfor bana og eg gler meg til å sjå Tobias utvikle seg vidare i 2021»

Sander Fagerbakke Kvittingen

Sander Fagerbakke Kvittingen (24) er ein kraftspiss med gode fysiske egenskaper, stor gjennombrotskraft og enorm arbeidsmoral. I tillegg har han eigenskapar til å skåre frå distanse, på gjennomløp og i boks.

I 2019 var han blant anna særs delaktig for at laget klarte å vinne mot Vard Haugesund og Fyllingsdalen på bortebane. Mot Fyllingsdalen fekk han vist heile registeret. Fyrst smalt han inn leiarmålet med ein volley frå 20 meter i krysset – med den skeive foten, før han med rå kraft og hurtighet forserte forsvarsleddet og chippa ballen elegant over keeper. Han blei matchvinner i begge oppgjera.

Spissen er blant troppens mest rutinerte spelarar, og debuterte for a-laget som 16-åring i 2012. Sander er ein du vil ha med deg i krigen – han gjev alltid alt for laget. Brenne er strålande nøgd med at spissen er med vidare;

«Sander er den av desse tre som har lengst fartstid på a-laget og er ein verkeleg kontinuitetsbærar. Råsterk feilvendt, jobbar alltid knallhardt for laget og har nase for mål! Avslutta 2019 sesongen særs godt og kjem han på det nivået når me starter blir han vond å møte for fleire midtstopparar i avdelinga» 

Lars Hadler-Olsen

Lars Hadler-Olsen (20) er ein høgreist midtstopper med gode fysiske egenskaper og stor profesjonalitet. Trenar Brenne gler seg til å følgje den vidare utviklinga til midtstopperen:

«Lars kom til oss frå nabo, Lysekloster, før 2020-sesongen og har gjort eit meget solid inntrykk på oss alle! Gjennomtrent og proff type som alltid jagar framgang og utvikling. Sterk i duellspelet, leiartype og tøff, er Lars ein solid og framstormande midtstoppar»  

Me gler oss stort over at Tobias, Sander og Lars blir å sjå vidare i gult og svart på Kuventræ!