Lansering av Os Fotball brødet!

Os Fotball får eiga brød (Kjetil Vasby Bruarøy).

I morgon, fredag 10.august mellom kl. 13.00 og 18.00, er det berre å ta turen til REMA 1000 Kuven Stasjon. Då blir det lansering av haustens ferskaste nyheit, Os Fotball brødet! 

Det er Hagavik Hjemmebakeri med eigar og gründer Arne Artentzen som står bak fotballbrødinitiativet. Etter at Arne hadde vore på ein Brann-kamp var han så imponert over stemninga og engasjementet til publikum at han fekk lyst til å gjere noko for lokalfotballen. Det kunne datter og konditor hos Hagavik Hjemmebakeri, Benedikte Arentzen, fortelle til Midtsiden i vår.

Hagavik Hjemmebakeri har no laga ei eiga oppskrift til eit brød som skal gje inntekt til Os Fotball.

Dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne, blei overraska og glad for initiativet frå bakeriet. Han synst det er stor stas å kunne samarbeide med Hagavik Hjemmebakeri og REMA 1000 om brød-prosjektet.

«Fotballbrød har vore ein stor suksess i mange norske byar og tettstadar og det er no veldig stas at me også får vårt eiga brød. Det er ekstra stas at initiativet kjem frå eit lokalt bakeri med lange tradisjonar», seier Brenne.

Designet på brødposane, som skal pryde brødhyllene hos REMA 1000 Kuven Stasjon framover, har eit tydeleg Os Fotball-preg. Mats Cato Moldskred og Vy Nguyen frå herre – og damelaget, samt eldsjel, Tore Kleppe, er klubbens representanter på brødposen. Ein brødpose som Brenne fortel det kan lønne seg å ta vare på.

«Brødposane blir nummererte og dei som tek med ein brødpose på ein heimekamp for A-laget er med i loddtrekking av fleire premiar i løpet av kampen», seier Brenne før han oppmodar så mange som mogleg å ta turen innom REMA 1000 Kuven Stasjon i morgon.

«No gler me oss til lansering av Os Fotball brødet i morgon. Eg håper mange tek turen innom»

Ta turen innom REMA 1000 Kuven Stasjon i morgon og bli med på lansering av Os Fotball brødet. Mellom kl. 13.00 – 18.00. Ser deg der!

Heia Os!