Ein ny kvalitetspartner er med på laget – velkommen Leigland Bygg AS!

Mikal Leigland med sitt Leigland Bygg AS er med på laget dei tre neste åra!

Det er med stor glede me kan presentere at ein ny kvalitetssponsor er med på laget – Leigland Bygg AS blir ein av hovudpartnarane våre dei neste tre åra!

«Eg har alltid vore oppteken av å støtte dei frivillige og at alle skal få like moglegheiter. Eg synast det difor er viktig å ta vare på breddeidretten, samtidig som det er ein fornuftig pyramide slik at dei som vil det kan få utvikle seg vidare», seier eigar i Leigland Bygg AS, Mikal Leigland, før han med eit glimt i auga legg til.

«No tek fusingane over Os!», til stor stemning på Kuventræ!

Mikal Leigland er frå Strandvik i Fusa og starta som fjerde generasjons byggmester eige verksemd i 1982. I 1986 blei Leigland Bygg AS stifta. Mikal kan fortelle at Leigland Bygg AS i dag har 60 ansatte og utfører alle typer oppdrag, både total -, hovud- og tømrarentrepriser, samtidig som dei har lang erfaring med ferdighus, elementproduksjon, takstoler og andre byggmester-, ingeniør- og arkitekturtenester. Leigland Bygg AS er også medeigar i fleire selskaper som Geitanger Bygg, Kvinnherad Bygg, Bygg 1 Produkter AS i Ørsta, Medio og Fusa VGS.

«For øyeblikket jobber me med fleire ulike prosjekt. Me arbeider blant anna med ein stor sjukeheim i Ulvik, ungdomsskulen i Eikelandsosen, utvidelse av Fjord`n senter i Eikelandsosen, leilighetsbygg på Maursett, samtidig som me leverer mange boliger og hytter og har store elementleveranser til Åsane vgs.»

Me ynskjer Leigland Bygg AS hjertelig velkommen på laget og ser fram til eit godt samarbeid!

Les meir om Leigland Bygg AS her: http://www.leiglandbygg.no/no/