Kvåle og Sandal utgjer ny trenarduo på damelaget!

Stian Kvåle og Ørjan Sandal er trenarar for damelaget i 2020!

Klubben satsar vidare på jente- og damefotball og utvidar til to seniorlag på damesida og styrkar trenerteamet. Stian Kvåle og Ørjan Sandal skal leie Os/Nore Neset kvinner i 2020!

Damefotballen i bygda har vore på stigande kurs i fleire år med mange spennande og ivrige unge jenter. Stian Kvåle har leia damelaget i to gode sesongar – opprykk til 3.divisjon i 2018 og ein sterk 5.plass i comeback-sesongen i 3.div i 2019. Kvåle held fram som trenar i 2020 og får med seg Ørjan Sandal på laget!

Sandal har dei siste sesongane trena det sterke jenter 2003-kullet til Nore Neset/Os. Dei har blitt krinsmeistra i J17-serien dei to siste åra, sjølv om jentene fyrst i år fyller 17 år, samt komt til finalen i J17-klassen i Norway Cup i 2018. No flyttar klubben J17-gruppa opp til seniorgruppe og startar opp eit lag til i 5.div. Og då slo sjølvsagt trenar Sandal følgje. Kvåle og Sandal vil ha likestilt ansvar og vil saman leie damelaga i 3.divisjon og 5.divisjon i 2020!

Sjølv om det no blir ei større seniorgruppe fortel Kvåle og Sandal at det ikkje blir så store endringer frå 2019-sesongen. Mange av jentene på J17 har nemleg allereie vore faste bidragsytere for damelaget i 2019 og trenarduoen trur det vil slå positivt ut at gruppene no er samla.

Me er glade for at både Kvåle og Sandal blir med vidare! Klubben har stor tru på at dei vil utgjere ein god og utviklende trenerduo for jentene våre!

Me er også glade for at me no får eit utvida tilbod i seniorfotball i Nore Neset og Os, som forhåpentligvis vil føre jentefotballen i bygda enda eit steg vidare!

Me gler oss til å følgje utviklinga! Heia Os!