Klokkartræ vil huse morgendagens Os-helter

Er du på utkikk etter ny bustad? Er du interessert i ein topp moderne bustad som ligger skjerma til, samtidig som den er sentral med gåavstand til fritidsaktiviteter og kollektivtransport? Er du nyetablert og hadde satt pris på husbankfinansiering? Då kan det vere ein ide å sjekke ut vår nye samarbeidspartner, Klokkartræ!

Det nye boligområdet, Klokkartræ, er med på laget dei neste to åra (Illustrasjonsbilete: ABO).

Klokkartræ er eit bustadprosjekt med til saman 21 bustader i Ulvenvegen. Dagleg leiar og mannen bak prosjektet, Rolf Årseth, gler seg stort til å vere med å støtte Os Fotball og ser for seg å huse morgendagens Os-helter hos Klokkartræ.

«Me har vore generalsponsor i Os Turn tidligare og ynskjer no på nytt å støtte aktiviteten på Kuventræ. Me er veldig opptekne av breddeidretten og vil støtte lokalsamfunnet», seier Rolf Årseth før han engasjert fortel vidare.

«Me er for tida i full gong med eit nytt boligprosjekt, Klokkartræ, med kort avstand til idrettsanlegget på Kuventræ. Frå boligområdet vil det bli ein flott gang- og sykkelsti til Kuventræ og eg ser for meg at morgendagens Os-helter kjem syklande eller gåande frå Klokkartræ. Det ynskjer me å vere med å bidra til».

Klokkartræ er ein heilt ny måte å kjøpe bolig på der du kan bruke ein konfigurator på heimesida som tilpasser bustaden etter dine eigne ynskje og behov, som alt frå val av kjøkken, golv og fargar på fasaden. I tillegg kan ein ved kjøp av bolig hos Klokkartræ få husbankfinansiering, som kan hjelpe mange med å etablere seg. Årseth forteller vidare at det er lokale utbyggere frå Os og Bergensområdet med ein lokal arkitekt frå Os som står for utbygginga.

Besøk Klokkartræ på nett her:

Velkommen til Klokkartræ

 

 

 

 

 

 

 

 

Me ynskjer Klokkartræ hjertelig velkommen på laget og ser fram til eit godt samarbeid!

Det var god stemning når klubben var på befaring hos vår nye samarbeidspartner Klokkartræ!

Frå ein av dei komande takterrassene kan du sjå Tøssdalsvatnet og Folgefonna. Under befaringen såg me i tillegg eit ekorn sveve frå eit tre til eit anna – trær som forresten blir ståande under utbygginga!

Illustrasjonsbilete ABO