Kjekt med kampar igjen – J19 med ny siger

(Foto: Os & Fusaposten)

Ventetida var lang, men desto kjekkare har det vore å komme i gang med kampar igjen for laga våre i barne- og ungdomsfotballen. Jenter 19 vann i går sin tredje kamp av tre moglege for sesongen.

«Vi har gjort det bra og er veldig glade for å kunne spele kampar igjen. Det er god øving og hjelper veldig på motivasjonen. Vi har møtt Åsane, Voss og Sotra og gjort mykje bra i kvar enkelt kamp. Voss er nok det beste laget vi har møtt så langt, og dei var nok kneppet betre enn oss før pause i den kampen. Forøvrig i ein omgang med enormt tempo. Det tempoet håndterte vi betre enn Voss utover i kampen, og vi var dermed det klart beste laget i siste halvdel av den kampen», seier trenar Ørjan Sandal, som leiar laget saman med Stian Kvåle.

Sandal kan vidare fortelle at jentene er komen på eit veldig bra nivå og møter litt variert motstand i jenter 19-serien. Kampane mot Åsane og Voss enda med jamne siffer 1 – 0 og 2 – 1 i favør våre jenter, men Sandal er klar på at laget med større effektivitet kunne vunnet meir i disse kampane. Sotra fekk derimot gjennomgå for tidligare misbrukte sjanser når dei blei slått 8 – 1 på Kuventræ i gårdagens kamp. Sandal var godt nøgd med den offensive samhandlinga.

«Dette var ein veldig god kamp av oss. Vi møter litt svakere motstand enn i dei foregåande kampane, men uansett ein veldig godt gjennomført kamp. Jentene fekk god øving på å angripe, som vi ynskja å utfordre dei på i denne kampen, og vi såg mange fleire gode valg offensivt. Det var gledeleg. Og sjølvsagt kjekt for jentene å skåre mange mål»

Målskårarane mot Sotra var Andrine B. Kvittingen med to, Agathe C. Lekven med to, Lenea H. Fløysand med to, Nora B. Nøss og Tuva S. Solberg.

Lenea H. Fløysand og Agathe C. Lekven noterte seg begge for to skåringer kvar i gårdagens kamp (Foto: Midtsiden).

Jentene har eit tett kampprogram. Allereie laurdag er det duka for ny kamp.

«Laurdag møter vi Fyllingsdalen på Varden. Det blir ein betydeleg tøffare kamp på ein stor bane. Det blir mykje løping, og Fyllingsdalen er gode. Men det er knallgøy. Me gler oss til ny kamp!», avslutter Sandal.

Nora B. Nøss er rask i vendingene. Ho skåra i går i sin andre kamp på rad. Her frå kampen mot Voss som ho var med på å snu frå 0-1 til 2-1 med skåring og assist (Foto: Midtsiden).

Også gutar 19 speler ny kamp på laurdag og me ynskjer både jentene og gutane lukke til!

J19 sine kampar så langt:
Os/Nore Neset – Åsane: 1 – 0
Os/Nore Neset – Voss: 2 – 1
Os/Nore Neset – Sotra: 8 – 1

Tre neste kampane for J19:
Fyllingsdalen – Os/Nore Neset (laurdag 19.sep kl. 17)
Os/Nore Neset – Stord: (25.sep kl. 19)
Åsane – Os/Nore Neset (29.sep kl. 20:30)

G19 sine tre neste kampar:
Fana – Os (laurdag 19.sep kl. 15)
Os – Åsane (torsdag 24. sep kl. 20)
Gneist – Os (tirsdag 29.sep kl. 20.15)

Me håper på fleire jubelscener som dette framover. Her jubler Lenea H. Fløysand, Andrine B. Kvittingen og Agathe C. Lekven for ein av Andrine sine skåringar mot Sotra (Foto: Midtsiden).