VELKOMMEN TIL OS FOTBALL-GALLA 17.NOVEMBER!

Laurdag 17.november ynskjer me heile fotballfamilien i Os Fotball velkommen til fotballgalla i Oseana! Det blir servert god mat, underhaldning, utdeling av diverse priser og kåringer, og mykje anna moro.

På fotballgallaen vil det blant anna bli delt ut to stipend frå Kurt Monsens minnefond. Kvar av stipenda er på 2500 kr og vil gå til ein gut og ei jente. Kriteria for å bli utnemnt til dette stipendet er at det er ein spelar i alderen 13 – 18 år i klubben som har utmerka seg sportsleg i årets sesong. Vinnarane vil bli annonsert på fotballgallaen 17.nov.

I den anledning ynskjer me innspel med aktuelle kandidater som utfyller disse kriteria. Innspel kan sendes til dagleg leiar, Endre Brenne på mail: endre@osfotball.no. Legg gjerne ved ein begrunning for kvifor denne spelaren fortener denne utmerkelsen.

Det blir ein storslått feiring av årets sesong og me vonar klubbens samarbeidspartnere, støttespelarar, tillitsvalde, trenarar, senior og jr.spelarar, og øvrige Os Fotball-entusiaster, blir med på festen!

Påmelding: https://www.deltager.no/os_fotballgalla_2018_17112018

Diverse informasjon:
Sted: Oseana.
Meny: Aperitiff, tapasbuffet og dessert med kaffi.
Pris: 275,- per person.
Aldersgrense: 18 år (Spelarar på A-laget, Os 2, damelaget og jr. laget som er under 18 år får eige bånd).
Tid: 17. 11. 2018 Kl. 19.00 – 01.00.

VELKOMMEN TIL EIN FESTKVELD MED OS FOTBALL I OSEANA!