Jentefotballfest på Kuventræ!

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Over 80 fotballglade jenter frå heile kommunen strålte om kapp med oktober-sola når Os Fotball og Nore Neset arrangerte jentefotballdag for alle jenter i alderen 10 – 15 år på Kuventræ! 

Trenarar frå toppserien

Jentefotballdagen starta med ei treningsøkt med fokus på å ha det gøy. Treninga til dei yngste jentene vart leidd av Nore Neset-trenar Håkon Starume, medan dei eldste jentene fekk hjelp frå delar av Sandviken-damenes trenarteam, Øyvind Nordtveit og Thomas Lyngbø.

I fruktpausen kom Stian Kvåle, som er trener for damene på Os/Nore Neset, for å fortelle om korleis laget trenar og førebur seg til kamp. Han oppmoda jentene til å lage mykje lyd på tribunen og heie laget fram når dei skulle møte Sotra til årets siste kamp. Før kampen blei det servert pizza, samt nokre tips frå «supersupporter» Tore Kleppe.

Til kampen fekk dei yngste jentene vere maskoter og fulgte kvar sin spelar ut til kamp, medan dei nest yngste fekk prøve seg som balljenter. Kampen blei jamn og spennande. Sotra kom best i gang og leia 0-2 allereie etter 19.min. Men jentene viste at det skal meir til for å knekke jenter frå Os. Laget viste sterk mentalitet når dei i det 53.min hadde fullført opphentinga og sørga for balanse i målprotokollen. Agathe Cöllestine Lekven og Andrine Kvittingen hadde scora for Os/Nore Neset. Det stod lenge 2-2, men i det 80.min var Sotra igjen farlege frampå og fastsatte sluttresultatet til 2-3 til gjestene. Til tross for tap var det ingen grunn for damene å deppe. Dei leverte ein god prestasjon og inspirerte mange unge håpefulle på tribuna. Os/Nore Neset enda dermed på 5.plass i comebacket i 3.div!

Takk til alle som deltok på jentefotballdagen og til alle som har vore med å bidratt med planlegging og gjennomføre av arrangementet! Ein ekstra takk til Kine Lunde som er initiativtaker! Dette var stor stas og me håper dette er starten på ein tradisjon!