Informasjonsmøte om toppidrett fotball valgfag

(Foto: Midtsiden).

Frå hausten 2021 vil det vere mogleg å velja toppidrett fotball som valgfag på Os Gymnas. I morgon, tysdag 16.februar kl. 19.00, blir det digitalt informasjonsmøte!

Møtelenke: https://meet.google.com/qxa-arqr-czm

Fotballtilbodet vil bestå av to teoretiske timer som vil foregå på gymnaset, medan fotballøktene vil foregå i regi Os Fotball på Kuventræ. Som namnet tilseier skal dette vere eit toppidrettstilbod og det blir stilt krav til ferdigheter og nivå.

«Vi vil legga til rette for utøvarar som ynskjer å utvikla seg, og som søker ekstratilbod utover det dei har i eigen klubb», seier dagleg leiar Endre Brenne før han legg til.

«Me vil skreddersy for utøvarane. Me vil trena tidleg på dagen, slik at utøvarane er mest mogleg førebudd til trening med sine respektive klubbar på ettermiddagen òg»

Frist for å melde interesse er 1.mars

Toppidrettstilbodet er godtatt frå skulen si side, men det må vera nok søkjarar til at det faktisk skal bli eit tilbod til hausten. Dette vil i fyrste omgang vere eit tilbod på VG1 og VG2.

«Vi er avhengige av at det er eit interessegrunnlag for dette tilbodet, og det er då sett ei ramme på at det er minimum 20 søkjarar til toppidrettstilbodet. Men vi kjem til å vera ærlege med søkjarane, ved å setja ei frist for interessa, vi vil gjera opp status innan 1. mars. Då har vi moglegheit å melda tilbake til søkjarane om det vil bli eit toppidrettstilbod til hausten eller ikkje», sa Rune Rosland, assisterende rektor på Os Gymnas, i intervju med Midtsiden tidligare i veka.