Herrelaget vant 8-0 på bortebane!

Herrelaget er tilbake på vinnersporet – smadra Valdres 8 – 0 på bortebane! 

Herrelaget satte på fredag kursen mot Valdres med klare ambisjonar om å komme tilbake på vinnersporet. Motstandaren Valdres hadde med sine tre poeng hatt ein tung start på sesongen, men våre gutter var førebudd på ein tøff kamp om viktige poeng!

Valdres yppa seg mot eit nykomponert Os-forsvar i opningsminutta, utan at det blei det heilt store. I det 8 minuttet fekk Os frispark på 25 meter. Kaptein Marius Mikkelsen stega opp og til alles forundring «curla» han ballen over muren og i nettet nede ved stolperota – 0 – 1 til Os. Frå no av handla det aller meste om Os.

Tre minutter seinare dobla Roger Ekeland leiinga etter strålande kombinasjonar med Frode Storebø. Storebø kunne gått for avslutning sjølv, men uselvisk lobba han ballen perfekt tilbake til Ekeland framfor mål – Ekeland gjorde ingen feil. No var Os verkeleg i støtet. Med stor aggressivitet og hurtige overgangar tok det ikkje lang tid før ballen låg i nettet til Valdres sin sisteskanse igjen. Fabian Bødtker sklei elegant forbi eit par motstandarar før han smalt til med venstreslegga frå 18 meter – 0 – 3 etter 17.minuttar. Dette stod seg til pause, sjølv om ein med enda større nøyaktighet kunne straffa Valdres fleire gangar.

Etter ein pust i bakken fortsatte oppgjeret i same sporet. Os tok kommandoen og Ekeland noterte seg for sin andre scoring i det 56.min. Igjen var det Storebø som stod for forarbeidet. Mykje vil ha meir og ti minutter seinere sikra Ekeland sitt fyrste hattrick i Os-trøya etter fine kombinasjonar med Mikkelsen. Åleine med keeper lobba han elegant inn sitt tredje for dagen. Spissen står dermed bokført med 9 mål i serien og er med det toppscorer i avdelinga.

Nokre minuttar seinere ville også Sander Kvittingen vere med på leiken. Frå 20 meter smalt han ballen inn langs stolperota til 0 – 6, før han i det 88.minutt blei tomålsscorar. Fabian Bødtker ville ikkje vere noko dårligare enn lagkompisen. På overtid blei også han tomålsscorar når han fastsatte sluttresultatet til 0 – 8!

Ein solid lagprestasjon av Os-mannskapet som er i storform på bortebane. Herrelaget står no bokført med tre sigrar av fire moglege og ein målskilnad på heile 21 – 8 på bortebane! I tillegg til målkalas framover var dette også sesongens fyrste kamp utan baklengs, som også er veldig gledeleg. Os er med storsigeren det laget som har scora flest mål i avdelinga med 26 mål – fem mål meir enn nummer to. No må det berre løsne på Kuventræ!

Takk til samarbeidspartneren vår, Osbuss, for god transport og service tur/retur Valdres. Med tre poeng i bagasjen blei det ein stemningsfylt heimtur til Os! Me må også berømme osingane som tok den lange turen og støtta opp under gutta frå tribunen – fantastisk engasjement. Me tek av oss hatten!

Neste kamp for herrelaget er fredag 7.juni mot Brann 2 på Nymark. Kampstart kl. 19.00! Vel møtt!

Imponerande frammøte av osinger på kampen mot Valdres!

Kampfakta:
Norsk Tipping – liga avd. 4.
8. serierunde
Valdres – Os: 0 – 8

Mål:
0 – 1: Marius Mikkelsen 8.min (Rafael Villen)
0 – 2: Roger Blokhus Ekeland 11 min (Frode Storebø)
0 – 3: Fabian Bødtker 17.min (Steffen Kvamsdal)
0 – 4: Roger Blokhus Ekeland 56.min (Frode Storebø)
0 – 5: Roger Blokhus Ekeland 66.min (Marius Mikkelsen)
0 – 6: Sander Fagerbakke Kvittingen 70 min (Steffen Kvamsdal)
0 – 7: Sander Fagerbakke Kvittingen 88.min (Fabian Bødtker)
0 – 8: Fabian Bødtker 90.min (Roger Blokhus Ekeland)

Lag:
Chris Sunde Midtun – Anders Havsgård, Torgeir Lunde, Carlos Mendes, Harry James Moore (Simon Søvik Moberg) – Rafael Villen, Marius Mikkelsen (Henrik Sperrevik), Steffen Kvamsdal – Frode Storebø (Sander Kvittingen), Roger Ekeland, Fabian Bødtker.