Herrelaget: Opprykksklare Vard Haugesund blei for sterke!

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Herrelaget tok laurdag i mot opprykksklare Vard Haugesund på Kuventræ. I ein jamnspelt kamp trakk Vard Haugesund det lengste stået og vant 1 – 3!

Os er det einaste laget som har teke poeng mot Vard Haugesund på bortebane i årets sesong og laurdag var Os nære å få med seg eit nytt resultat mot serievinnarane. Det var Vard som kom best i gang. Haugesundarane straffa Os brutalt når dei fekk sjansen til å kontre og 0 – 1 var eit faktum etter 20.min. Kort tid trudde alle på Kuventræ at Alexander Dale hadde ordna balanse i reknskapet. Dale heada ballen fint i mål på dødball, men linjedommar meina det var offside og målet blei annulert. I det 41.min skulle det derimot lukkast. Igjen var Dale frampå og heada ballen mot mål før Roger Ekeland tuppa ballen over streken, 1 – 1. Dessverre for Os glapp det i forsvaret to minutter etter utlikninga. Vard var ikkje vanskelege å be og tok på ny leiinga i kampen.

I andre omgang hadde Os mykje av initiativet med ball, utan at det blei særlig mykje uttelling i form av store sjanser. Dei største sjansane kom etter dødballer der det fort kunne blitt ei ny utlikning. Når det ikkje ville seg framfor mål, var derimot Vard dødelig effektive. Vard kontra inn 1 – 3 og spikaren i kista i det 83.min, som også blei sluttresultatet. Alt i alt ein godkjent prestasjon frå våre gutter. Vard Haugesund var skarpare i dei avgjerande situasjonane og stakk dermed av med sigeren. Me gratulerer Vard Haugesund med opprykket til 2.divisjon!

Neste og siste kamp for sesongen er mot Lysekloster på laurdag kl. 12! Sjølv om ingen av laga har noko å spele for er det likevel mykje prestisje og ære på spel. Vel møtt til kamp mot Lysekloster på Edne!