Herrelaget er klar for ny sesong

A-laget er klare for oppkjøringa til 2020 sesongen (Foto: Midtsiden).

A-laget er allereie godt i gang med førebuingane til 2020-sesongen. Måndag sparkar dei i gang det nye året og trenar Endre Brenne gler seg!

«Det blir kjekt å starte på igjen i morgon. Me skal verkeleg bruke vinteren godt – trene hardt og videreutvikle prinsippa og tankane me byrja å ta steg på i 2019! Eit klart mål for vinteren er at me skal ta store steg på det fysiske, samt tekniske og taktiske», seier Endre Brenne.

Brenne fortel at treningskampane for oppkjøringa er spikra og at det er tøff motstand som venter gutane.

«Me får god og tøff matching i treningskampane. Me møter blant anna Åsane, Vard Haugesund og Sotra som ligger ein og to divisjoner over oss. Å møte best mogleg motstand trur eg er viktig for at me skal ta nye steg».

Øvrige motstandarar i treningskampar er Fana, Fyllingsdalen, Varegg, Åkra og Sandviken. I tillegg blir det ein treningskamp på treningsleir i vinterferien.
Treningskamper:
27.01: Åsane – Os (Vestlandshallen)
01.02: Fana – Os (Nestun Idrettspark)
02.02: Fyllingsdalen – Os (Varden)
22.02: Treningsleir + kamp
11.03: Os – Varegg (Kuventræ)
14.03: Os – Åkra (Kuventræ)
21.03: Sotra – Os (Sotrahallen)
30.03: Sandviken – Os (Stemmemyren)
04.04: Kvalifisering til NM
13.04: Ready – Os 1.serierunde

Brenne gler seg over avdelingsoppsettet med nye spennande motstandarar.

«Eg ser det som ein spennande og ope gruppe, og det er spesielt artig å møte nye lag og nye spelarar. Både den tidligare storheten Lyn, Frigg og Ready er nye bekjentskap. Det er også kjekt med fleire lokaloppgjer mot Bjarg, Fana og Lysekloster – så me har mykje å gle oss til! Eg ser gode moglegheiter til å hevde seg i denne pulja og eg trur dei laga som bruker vinteren best kan gjere det bra», avslutter ein offensiv Brenne.

Det er som sagt både nye og kjente motstandarar for herrelaget i 2020. Os møter blant anna tre motstandarar frå Østlandet med den gamle storheten Lyn, samt Frigg og Ready. I tillegg blir det også i år turer til Sogn og Fjordane for å møte Sogndal 2, Årdal og Fjøra, samt fleire lokaloppgjer mot Lysekloster, Fana og Bjarg.

Eit par kamper som er verdt å merke seg i den foreløpige speleplanen er at våre herrer serieopnar på Østlandet mot Ready 13.april, medan dei tek i mot Stord til fyrste heimekamp 18.april. 27.juni og 26.september er det duka for nye lokaloppgjer mot Lysekloster, medan Lyn kjem på besøk til Kuventræ 6.juni. Det blir med andre ord mange spennande kampar og mykje å sjå fram til i 2020! Me gler oss! (Speleplanen for 2020 kan du sjå nederst i saken).

A-laget sine motstandarar i 2020.
Dagleg leiar og a-lagstrenar, Endre Brenne, gler seg til ny sesong (Foto: Midtsiden)

Her er foreløbig speleplan for 2020-sesongen.