Herrelaget sikra tre nye poeng!

(Foto: Os & Fusaposten)

I flomlys på Kuventræ sikra herrelaget sin tredje strake heimesiger fredag kveld!

Herrelaget tok fredag kveld i mot eit nedrykkstruga Bergen Nord-lag i poengnød. Med det i tankane var våre gutter førebudd på ein tøff batalje om poenga. Os spant ut frå startblokkene og satte umiddelbart eit trykk på Bergen Nord. Stian Dyngeland testa Bergen Nord sin sisteskanse i opningsminutta, før Mats Cato Moldskred fekk fyrt av eit skot frå ein god posisjon kort tid etter. I denne fyrste fasen av kampen dominerer Os totalt og Bergen Nord har tidsnok med å få ballen unna, men målet og dei verkeleg store moglegheitane lot vente på seg. Like før klokkeuret viste 19.minutter skulle det viktige fyrste målet komme for Os. Steffen Kvamsdal blei uregelmessig hindra i straffefeltet og dommar peika på straffemerket. Moldskred tok ansvar og satte sikkert inn 1-0 til Os. Kort tid etter fyrte Marius Mikkelsen avgårde eit skot, men ein god redning av keeper hindra ny nettkjenning. Utover i omgangen falt intensitet og energien som Os spelte med i starten av kampen og Bergen Nord meldte seg litt meir på i banespelet. Os hadde derimot full kontroll framfor eige mål dei fyrste 45.minutta.

Andre omgang blei av den ujamne sorten. Kampen opna seg meir opp og Os gav vekk eit par gode overgangsmoglegheiter til Bergen Nord etter ballbrot. Nokre av overgangen kunne blitt farlige, men heldigvis for Os klarte ikkje Bergen Nord å straffe våre gutter. Dei siste 45.minutta blei difor litt kaotiske der det bølga fram og tilbake. Til tross for at Os inviterte Bergen Nord inn igjen i kampen, var det Os som var nærare fleire mål enn Bergen Nord var utlikning. Etter flotte kombinasjoner mellom Mikkelsen og Moldskred kom blant anna sistnemnde til eit farleg skot som smalt i stolpen. Moldskred nære å bli tomålsscorer. Når den befriende 2-0 scoringa lot vente på seg blei det noko nervøst og forsiktig over osingane, og Bergen Nord hadde fortsatt håp. I det 84.minutt kunne Os juble letta ut når Frode Storebø smalt inn spikeren i Bergen Nord-kista etter ein flott kontring regissert av Anders Hjelle Havsgård og Sander Kvittingen. Kampen enda dermed 2-0 og den tredje heimesigeren på rad. Herrelaget tek med seg tre viktig poeng etter ein ujamn prestasjon.

Neste kamp for herrelaget er mot Fyllingsdalen på Varden Amfi, laurdag 28.sep kl. 15.00!

Kampfakta:
Os – Bergen Nord: 2 – 0

Mål: 1 – 0 Mats Cato Moldskred straffe (Steffen Kvamsdal)
2 – 0 Frode Storebø (Sander Kvittingen)

Startoppstilling Os:
Chris Sunde Midtun – Espen Haraldseid, Vegard Strønen Skeie, Alexander Dale, Andreas Støle-Hansen – Rune Åsheim Mo, Marius Mikkelsen, Steffen Kvamsdal – Torgeir Lunde, Stian Dyngeland, Mats Cato Moldskred.

Innbyttarar med speletid: Frode Storebø, Anders Hjelle Havsgård, Fabian Bødtker, Sander Kvittingen.

Dagens osing: Marius Mikkelsen

(Foto: Midtsiden)