Henda i vêret for felles treningsgruppe for jenter 2007 og 2008!

I vinter har jenter 2007 og 2008 vore gjennom ei samanslåing til felles treningsgruppe, og gruppa teller no 35 ivrige jenter!

«Det har gått veldig bra med samanslåinga. Det har spesielt vore stor stas for 08-jentene, så er det nokre som har trengt litt meir tid på å omstille seg blant dei eldste, men det har gått veldig bra! Jentene blir betre og betre kjent for kvar veke, så me er positive», seier Frode Lundgren som har hovudansvar for gruppa.

Lundgren som har god og breid erfaring som trenar i jente- og damefotballen, ser det som ein kjempefordel at dei er ei stor treningsgruppe. Han meiner det då er lettere å differensiere og legge til rette for kvar enkelt spelar – om ein vil ha leik og moro, eller om ein vil satse på fotballen.

Lundgren har med seg Anne Karine Haug Midtbø, Sindre Aasen, Åge Nilsen, Renate Rød, Matthias Faller og Ørjan Myrlid som trenarar rundt jentene – og eit stort trenarteam er verkeleg gull verd!

«Me ynskjer å gjere det kjekt for jentene å kome på fotballtrening, og me er veldig opptekne av at alle føler seg sett og kan kome med innspel. Då er det gull verdt å vere mange trenarar på feltet som kan utfylle kvarandre», seier lagleiar Renate Rød.

«Eit stort trenarapperat er også utrulig positivt for organisering og gjennomføring av treningane», legger Lundgren til.

Eit stort trenarteam er gull verdt! F.v. Åge Nilsen, Anne Karine Haug Midtbø, Sindre Aasen, Renate Rød, Frode Lundgren og Ørjan Myrlid. Keepertrenar Matthias Faller var ikkje tilstede ved fotografering.

Rød meddeler vidare at ho har hatt samtalar med alle spelarane på tomannshand, om blant anna trivsel på trening, kva dei liker og vil ha meir av og kva trenarane kan bli flinkare til. Ho forteller om mange gode tilbakemeldingar som har vore nyttige for å lage eit best mogleg opplegg for alle.

«Det viktigste er at ein har det kjekt! Om me klarer å halde ein unge i fotballen til han eller ho er 18-19 år, så har me gjort ein god jobb. Om ein blir fotballspelar eller ikkje, så har ein i alle fall vore del av eit sunt og godt miljø! Og om ein sluttar tidligare, at det er med gode minner og av grunnar som at ein mista interessa, og ikkje at det var ugreit å gå på trening», avslutter Ørjan Myrlid som har hovudansvar for 2007-gruppa. Ørjan har også forøvrig vore trenar i Os sidan 2006 og gjort ein strålande innsats!

Me ynskjer jentene lukke til vidare og håper dei snart kan spele kampar igjen!

Medbestemming skaper entusiasme, motivasjon og tilhøyre. Alle jentene i 2007 og 2008 blir sett og lytta til.
Anne Karine Haug Midtbø gjev innstruksar til lydhøyre jenter.