Heimekomplekset vedvarer

Vestfossen scora kampens einaste mål på corner (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Etter 0-1 tap mot Vestfossen på laurdag har herrelaget enda til gode å vinne på Kuventræ i 2019!

Det blei for andre kamp på rad ein skuffande opptreden frå herrelaget på Kuventræ. Os-mannskapet var omstendelige, var utydelege og spelte med lite tempo, energi og kreativitet. Det blei enkelt for Vestfossen å forsvare seg og Os produserte nok ein gang få sjanser framfor heimepublikummet. Når Vestfossen gjekk opp i leiinga etter ein corner i det 78.min makta ikkje Os å svare og det enda med eit nytt heimetap.

Neste kamp for herrelaget er mot Strømsgodset 2 på Marienlyst Stadion laurdag 17.august.

Kampfakta:
Os – Vestfossen: 0 – 1
15.serierunde.

Os: Chris Sunde Midtun – Anders Havsgård, Jonas Fagerbakke Hovland, Vegard Strønen Skeie, Harry James Moore – Rune Åsheim Mo, Marius Mikkelsen, Steffen Kvamsdal – Fabian Bødtker, Roger Blokhus Ekeland, Mats Cato Moldskred

Spelarar med speletid: Torgeir Lunde, Sander Fagerbakke Kvittingen, Henrik Tysse Sperrevik