Gunnhild Stordalen og Randulle til Os Fotball Eat Move Sleep-Cup

Gunnhild Stordalen frå EAT Foundation og «årets gamer» Randulle kjem til årets Eat Move Sleep-Cup.

Årets happening på Kuventræ, Eat Move Sleep-Cup 2018, er like rundt hjørnet. Til årets arrangement får me storfint besøk når me lørdag 2.juni kl. 12.00 får besøk av grunnlegger og leiar i EAT Foundation, Gunnhild Stordalen, samt det blir meet-up med «årets gamer» Randulle! Me har dessutan også med oss ordførar Marie Lunde Bruarøy og Bama sin stjernekokk Harald Osa, som vil presentere årets hotteste lansering på matfronten, «VegMe». I tillegg vil det vere verdt å få med seg årets «stjernekamp» med lokale helter, der i blant vår olympisk mester Sverre Lunde Pedersen. Så det er berre til å sette av helga 1.-3. juni og bli med på festen på Kuventræ!

Årets cup samler meir enn 5000 deltakarar, familie og venar. I tillegg er heile nærmiljøet invitert. Til årets cup er rekordmange lag påmelde (over 170 lag), noko me er strålande nøgd med.

Os Fotball har arrangert cuper og arrangement med fokus på å servere sunnere mat og drikke i seks år. Fyrst som Bendit Cup-arrangør, dei tre siste åra som Eat Move Sleep-ambassadør. Os Fotball er utvalgt av Norges Fotballforbund og Bama som ein av 37 klubber i Norge til å vere ambassadørklubb!

Med Eat Move Sleep-Cup i Os har me som mål å arrangere Norges mest bærekraftige fotballcup. Det blir servert sunn mat og drikke, me nytter eit minimum av plast i servering, samtidig som det vil bli fokus på avfallssortering og matsvinn. I tillegg blir deltakarar, publikum og funksjonærer belønna for å ankomme cupen utan bil.

Dette vil du ikkje gå glipp av! Me ynskjer deg velkommen til Norges mest bærekraftige cup 2. og 3. juni på Kuventræ!

Me gler oss til fotballfesten!