Det gule toget begynner å få opp dampen

Rafael Villen og Endre Brenne feirer her Brenne sin 1-0 scoring mot Sund. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Os A-lag tok på lørdag i mot Sund til seriekamp på Kuventræ. Herrelaget gjorde jobben og kunne dermed juble for tre nye poeng i banken. Det gule toget begynner å få opp dampen!

Kampen mot Sund var nokså lik dei førre kampane i serien. Det kladda litt i fyrste omgang, før det løsna i siste halvdel av kampen. Os møtte igjen eit lågt-liggande, kompakt lag. Nokre nøkkelmoment i eit slikt kampbilete er balltempo, samtidige bevegelser, tolmod og konsentrasjon. Os klarte ikkje å oppfylle nokre av dei kriteriene godt nok i fyrste omgang og Sund kunne dermed forsvare seg nokså komfortabelt. Til tross for ein omgang under par, var det Os som fyrst fekk hol på byllen etter ein dødball frå Mats Cato Moldskred. Endre Brenne stanga Os i leiinga i det 26.min. Ikkje lenge etterpå var Sund farleg frampå. Etter ein dødball fekk ikkje Os klarert og det blei klabb og babb i Os sin 16.meter. I kaoset blei ein Sund-spelar på uregelmessig vis stoppa og kampleiaren i sort peika på straffemerke. Anders Fossen Lunde kasta seg riktig veg og strakk seg så lang han var, men straffen var velplassert og dermed stod det likt i målprotokollen, 1-1 i det 32.min. Os fekk litt meir sving på spelet dei siste 10 min av omgangen og produserte nokre store sjansar. Det gav resultat i det 43.min. Rafael slo ein presis pasning til Endre Brenne som var på løp inn i 16.meteren. Endre heada ballen fint på tvers framfor mål til Christoffer Hafsås. Eidingen gjorde ingen feil og sette ballen kontant i nettet og 2-1 til Os.

I andre omgang fekk Os meir sving på spelet, det gjekk raskare i spelvendingane og relasjonane var betre. Resultatet av det gav sjanse etter sjanse. Os var dessverre ineffektive og heldt difor liv i spenninga. I det 72.min kunne Moldskred roe nervene for osingane på tribuna i det han sette inn det befriende 3-1 målet. Om dette målet ikkje var spikeren i kista, så blei spikeren for alvor slått inn 10 min seinare, når Marius Mikkelsen auka til 4-1 i det 83.min. Dette blei også sluttresultatet.

Neste kamp for A-laget er torsdag 10.mai mot studentane frå NHH på Åstveit Idrettspark kl. 19.00!

Kampfakta:
1 – 0 Endre Brenne (Mats Cato Moldskred)
2 – 1 Christoffer Hafsås (Endre Brenne)
3 – 1 Mats Cato Moldskred (Rafael Villen)
4 – 1 Marius Mikkelsen (Rafeal Villen)

Nederlag mot tabell-leiaren for damelaget

Etter ein god start på sesongen har det dessverre ikkje gått vegen for damelaget dei to siste kampane. På søndag møtte jentene våre Årstad på bortebane.

Os jentene fekk ein verst mogleg start på kampen som dessverre var avgjort til pause. Det stod 4-0 til Årstad til halvtid. Jentene korrigerte seg og løfter spelet i andre omgang og Ida Blindheim scora eit trøystemål for Os. Sluttresultatet blei 5-1 til Årstad. Trenar Stian Kvåle har dette å seie om kampen.

«Fyrste omgang er dessverre langt under kva både eg og spelarane forventar. Det gledelige er at spelet betrer seg i andre omgang. Me lærer av dette, så no er det berre å riste dette av oss og jobbe på vidare på treningsfeltet», seier Stian Kvåle.

Neste kamp for damelaget er fredag 11.mai på Kuventræ mot Fana 2. Kampstart kl.19.00. Me håper jentene snur skuta i denne kampen.

Heia Os!