Vår gode nabo og støttespelar Brødrene Borgen Ferdigbetong!

Me besøkte fredag formiddag vår gode nabo og støttespelar, Brødrene Borgen Ferdigbetong. Her representert med dagleg leiar Kristian Borgen (Video lengre nede i saken).

Brødrene Borgen Ferdigbetong, som har beliggenhet like ved idrettsanlegget på Kuventræ, er ein god nabo og ikkje minst ein god støttespelar for Os Fotball. Brødrene Borgen Ferdigbetong har støtta klubben i ei årrekkje og stiller opp om det er noko. Eit godt eksempel på det er når dei i vinter fjerna alt av snø frå fotballbana på Kuventræ og gjorde anlegget klart for kamper etter ein meget snørik periode. Eit naudsynt arbeid som me ikkje klarte å gjere sjølv. Me er difor veldig glade for at me har gode støttespelarar som Brødrene Borgen Ferdigbetong som stiller opp og tek det på strak arm. Fredag formiddag var me på besøk hos vår hjelpsame nabo og slo av ein prat med dagleg leiar Kristian Borgen.

Kan du fortelje om Brødrene Borgen Ferdigbetong, slik bedrifta er i dag og litt om historikken?

Me er i dag ein bedrift med 18 ansatte, der alle har brei og lang erfaring i bransjen. Me er levande opptekne av kvalitet i arbeidet og å følgje opp kundene våre med råd og «guiding». Me er mykje rundt på oppdrag i Os og i kommunane rundt oss, som Austevoll, Tysnes og Fusa, seier Kristian Borgen før han fortsett.

– Selskapet starta opp i førre generasjon (år 1956) med brødrene Hans Kristian, Henrik og John Borgen. Eg er son av yngstemann John og mange i bedriften er i familie, så i bunn og grunn er me ein familiebedrift. I oppstarten hadde me fem lastebiler, der tre – fire hadde trommel til transport av betong, i dag har me 16 biler. Så det har vore ein enorm utvikling, sjølv om det er tøff konkurranse på markedet.

Kva er det som gjer at dykk vil støtte Os Fotball?

Det er kjekt å støtte opp under det lokale. Dei fleste ansatte hos oss bur i nærområdet, så det er også kjekt for dei at me støtter all den gode aktiviteten i bygda. Eg ser det er gode tider på Kuventræ om dagen, så det er berre å stå på.

Avslutningsvis fekk Os TV med reporter Mats Cato Moldskred nokre kjappe spørsmål med Kristian (Video).

Tusen takk for at me fekk kome på besøk. Me ynskjer alle i Brødrene Borgen Ferdigbetong ein god sommer!

 

Brødrene Borgen Ferdigbetong er ein god støttespelar for klubben. Her rydder Gisle Borgen idrettsanlegget for snø i vinter.