God treningshelg for SPV Os Akademiet i Strandebarm

Sparebanken Vest Os Akademiet var i helga på ein vellukka treningssamling i Strandebarm

«Det blei ein utruleg vellukka samling både sportsleg og sosialt. Me fekk gode treningsøkter og mykje sosial moro. Slike samlinger styrker samhaldet og tilhøyre, som me har veldig stort utbytte av», seier Endre Brenne, som var primus motor for treningssamlingen i heimbygda si Strandebarm, før han legg til.

«Me overnatta frå laurdag til sundag og hadde tre fotballøkter, ei teori-økt og ei økt med analyse. Me opplevde at deltakarane var lærevillige og jobba med god kvalitet i alle øktene. Veldig bra samling!».

32 ivrige ungdommar deltok på samling med Endre Brenne, Zsolt Korcsmar og Rune Åsheim Mo som trenarar.

Sparebanken Vest Os Akademiet er eit ekstratilbod for alle ivrige fotballspelarar i 7. til 10. klasse i samarbeid med Sparebanken Vest. Formålet med tilbodet er å gje ungdom med stor treningsiver og motivasjon i ungdomsskulealder moglegheit til å trene meir og betre med eit kvalitetssikra og godt fotballtilbod utenom fellestreningar.

Me ynskjer å bygge ein «toppidrettskultur» på Kuventræ og samtidig utvikle flest mogleg til eigne A-lag og vidare på høgare nivå. Det er mange unge lovande på veg opp og fleire av akademi-spelarane våre har vore på krets og nasjonale tiltak.

I teoriøkta på samlinga var treningskultur og 24-timers utøveren i fokus. Kva er god treningskultur? Kva innebærer det? Og korleis kan ein oppnå gode prestasjoner saman? På SPV Os Akademiet er ein absolutt inne på ein god sti med mykje god trening, både før og etter skuletid, og gode haldningar.

Vil du vere med? Då er du er hjertelig velkommen inn i vår opne, inkluderende, treningsvillige, utviklingorienterte, positive og humørfylte treningsgruppe i SPV Os Akademiet. Meld deg på her: https://www.superinvite.no/#/invitation/e9f586fda2075a00e9c19361abf115ef

Eller ta kontakt med administrasjonen!

Velkommen til SPV Os Akademiet!