God helg for seniorlaga!

Rafael Villen og Endre Brenne teikna seg igjen på scoringslista (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Det blei ein god helg for seniorlaga til Os Fotball i helga. A-laget, Os 2 og damelaget vann sine kamper!

Lørdag tok A-laget i mot Austevoll til dyst i varmen på Kuventræ. A-laget starta kampen bra og kunne fort leia med eit par mål etter 10 min spelt. Etter ein god start slepp Os seg litt nedpå midtveis i fyrste omgang. Utan å prestere opp mot sitt beste gjorde Os jobben og vann kampen til slutt komfortabelt 6-0.

Rafael Villen spelte ein god kamp og blei belønna med å bli kåra til banens beste av ein lokal jury. Han skåra både 1-0 og 2-0, to mål av den vakre sorten. Det fyrste målet kom etter skot frå hjørna av 16-meteren, det andre etter volley. Christoffer Hafsås ville også vere med på leiken og auka leiinga til 3-0. Kort tid etter at Fabian Bødtker hadde entra bana, teikna også han seg på skåringslista, 4-0. Endre Brenne leverte nok ein solid kamp på høgrebacken og han er verkeleg i skåringsform, han satte inn 5-0. Skåring i tredje kamp på rad for vår daglege leiar. Bødtker var ikkje ferdig for dagen og fastsatte sluttresultatet til 6-0.

«Vi køyrer kampen frå start til slutt. Det kunne fort ha blitt seks mål til dersom vi hadde vore endå meir skjerpa framføre målet», uttalte Sperrevik til Os og Fusaposten etter kampen.

I neste kamp, søndag 3.juni kl.14.00, møter A-laget Sandviken til toppoppgjør på Stemmemyren!

Kampfakta:
1-0 Rafael Villen (Sander Kvittingen)
2-0 Rafael Villen (Sander Kvittingen)
3-0 Christoffer Hafsås (Sander Kvittingen)
4-0 Fabian Bødtker (Rafael Villen)
5-0 Endre Brenne (Rafael Villen)
6-0 Fabian Bødtker (Alexander Dale)

Startoppstilling:
Anders Fossen Lunde – Endre Brenne, Divaldo Cardoso, Alexander Dale, Harry James Moore – Øystein Takle Eide, Marius Mikkelsen, Rafael Villen, Steffen Ljosheim – Sander Kvittingen, Christoffer Hafsås.

Spelarar med speletid:
Fabian Bødtker, Anders Havsgård, Simon Moberg Søvik, Torkel Hjertnes, Alexander Tøssebro, Martin Eidsvik.

Damelaget slo Bjarg på Stavollen

Damelaget fulgte opp storsigeren frå førre kamp med å slå Bjarg 4-2 på Stavollen søndag ettermiddag. Os var det førende laget i fyrste omgang og leia 0-3 til pause etter skåringer av Kine Torsvik, Vy Nguyen og Vilde Drange Veglo. Denne leiinga kunne vore større hadde Os vore meir effektive. Vilde blei så tomålsskårer når ho satte inn 0-4 i 2.omgang. Med ein komfortabel leiing slapp damene seg litt nedpå i varmen, noko som resulterte med at Bjarg makta å redusere leiinga to ganger mot slutten av kampen. Sluttresultatet enda 2-4 til Os og damene kunne dermed juble for ein ny trepoenger i banken. Med sigeren klatra laget til 3.plass på tabellen.

«Eg synst vi starter kampen bra og har god kontroll, før vi dessverre fell litt nedpå utover i kampen. Det var litt smårusk og eg meiner vi må løfte prestasjonen til neste kamp mot NHH. Og det skal vi! Det var ein uansett ein viktig seier og eg er godt fornøyd med 3 poeng», seier Andrine Døsen etter kampen.

 

Kampfakta:

0-1: Kine Torsvik
0-2: Vy Nguyen
0-3: Vilde Drange Veglo
0-4: Vilde Drange Veglo

Sluttresultat: Bjarg – Os/Nore Neset 2-4.

Bødtker x 3 for Os 2 mot Fri

Os 2 spelte også bortkamp søndag ettermiddag mot Fri. Det blei ein målrik duell som Os 2 kom sigrande ut av, 5-4.

Det var Fri som opna skåringsballet på Espeland idrettsplass når dei tok føringa i kampen etter 26.min. Men det skulle ikkje gå lang tid før Os 2 slo kraftig tilbake. Fabian som kom inn og putta to mål for A-laget lørdag, var også i skåringsform søndag ettermiddag. Han utlikna leiinga i 33.min, før Joachim Dale Fløysand sendte Os 2 i leiinga 3.min seinere. Like før pause blei Fabian tomålsskårer og auka leiinga til 1-3. Simon Moberg Søvik teikna seg så på skåringslista like etter kvilen og det stod dermed 1-4 til Os. Fri reduserte til 2-4 like etterpå, før Fabian for tredje gang i kampen fann nettmaskene til Fri. Ein skulle tru at dette var spikeren i kista, men Fri gav ikkje opp. Dei reduserte to ganger til på tampen av kampen, og det blei difor nokre hektiske sluttminutter. Os 2 drog til slutt sigeren i land og  kunne juble for 3 nye poeng. Os 2 klatra dermed til 2.plass på tabellen.

Neste kamp for Os 2 er mot Minde på Kuventræ mandag 4.juni kl. 19.00!

Kampfakta: 
1-1 Fabian Bødtker
1-2 Joachim Dale Fløysand
1-3 Fabian Bødtker
1-4 Simon Moberg Søvik
2-5 Fabian Bødtker

Sluttresultat: Fri – Os 2 4-5

Heia Os!