God gjennomkjøring for herrelaget mot Fana!

Roger Ekeland mot Fana i 2019 (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Laurdag formiddag gjesta herrelaget Fana til treningskamp på Nesttun Idrettspark. Det blei ein god gjennomkjøring for våre gutter som drog i land ein fult fortent siger!

«Dette var eit steg i riktig retning med mange positive tendenser. Eg er veldig nøgd med korleis me framstod i dag – det gjekk hurtig med oss når me fekk sjansen, me klarte å skape gode rom som me vil angripe i og me hadde tette og gode avstandar mellom lagdelane både i høgt press og når me låg djupare i banen», seier trenar Endre Brenne.

Kampen enda 1-2 til Os – ein siger som fort kunne vore større! Dette var forøvrig fyrste gang Endre Brenne med sitt Os mannskap makta å tukte Ørjan Håland sitt Fana. Sjølv om Brenne i ein treningskamp er mest oppteken av korleis laget framstår og ikkje resultat, må han innrømme at det var deilig å endeleg kunne seire over kompisen Håland.

Nykommer med perleskåring og Ekeland med sin tredje for året
Nykommer Thomas Stene Spilde spelte sin fyrste kamp i Os-drakt mot Fana. Spilde som spela for Fana i 2017 og 2018 sendte Os i føringen med eit kremmerhus av eit skot frå 20 meter. Fana-målvakten kunne ikkje gjere anna enn å sjå ballen suse avgårde som eit prosjektil i vinkelen – flott skåring! I tillegg til draumemålet hadde Spilde to store sjanser seinare i oppgjeret, men denne gang var ikkje marginane med vår nyankomne – den eine sjansen smalt på innsida av stolpen.

Like før pause kontra Fana inn utlikninga etter ein Os-dødball – ein skåring Brenne meina dei burde ha avverga. Etter kvilen dominerte Os og som mot Åsane førre helg noterte fjorårets toppskårer seg i målprotokollen. Roger Ekeland blei matchvinner frå krittmerket 20 minutter før full tid – Ekeland sin tredje skåring på to kamper! God start for spydspissen vår!

Kampen enda 1-2 til Os, som fort kunne skåra tre-fire mål til. Også gledeleg at fleire ungdomar fekk prøva seg i andre omgang. Blant desse Tobias Nøss, Elias Myrlid, Johannes Lie og brørne Emre og Kerem Duvarci. Dette var forøvrig Johannes Lie sin fyrste kamp for herrelaget – gratulerer!

«Me har mange unge gutar som bankar på til laget – det er veldig kjekt. Dei som prøvde seg i dag, klarte seg bra», fortel Brenne.

Neste kamp for herrelaget er onsdag 5.feb kl. 18.20 mot Fyllingsdalen på Varden!