Gatelaget har løfta standaren på garderobane!

Gatelaget har i vinter gjort ein strålande jobb med å fikse garderobane til A-laget og Damelaget. I tillegg til ein god målejobb, er det blitt laga til «båsar» til alle spelarane – noko som gjev garderobane eit profesjonelt løft. No håper me Gatelaget kjem seg til NM!

Tor Arne Hitland er pådrivar for Gatelaget, og fortel at gjengen ikkje var vond å be når dei fekk forespurnad om å pusse opp garderobane.

«Det er utrulig kjekt å få tillit til å gjere denne jobben, og samtidig kunne gje litt tilbake til klubben. Det betyr mykje at Gatelaget har blitt inkludert på Kuventræ, så det er ein vinn – vinn situasjon for alle. Me har fleire flinke og kjekke fagfolk på Gatelaget som synest det er stas å kunne gjere ein god jobb, samtidig som klubben får eit godt arbeid tilbake. Me synest det er fantastisk!», seier Tor Arne Hitland.

Til inntekt for NM

Hitland forteller at inntektene frå garderobeprosjektet vil gå til å realisere NM-reise til Arendal.

«Gatelaget har eit stort ynskje om å reise til NM i Arendal i slutten av mai. Klubben har ytra eit ynskje om å vere med og bidra til at me får realisert denne NM-reisa, og då passa det bra at me kunne gjere dette garderobeprosjektet».

Me takkar Gatelaget for strålande arbeid, og gler oss til å følgje med dei i NM for Gatelag

Me rekker også ein takk samarbeidspartneren vår Hodneland Bygginnredning for hjelp til prosjektet!

FØR:

ETTER: