Fyrste trening for jenter 2014

Har du lyst å begynne med fotball og ha ein fast møteplass med vennene dine? Då er du hjertelig velkommen til fotballstart i Os Fotball! 

I Os Fotball blir du ein del av eit trygt og godt fellesskap med fokus på samhald, vennskap, glede, mestring og utvikling – av fotballspelaren og mennesket! Me ha med flest mogleg, lengst mogleg, best mogleg!

Os Fotballs visjon er nemleg «trygghet, fotballglede og utvikling for alle»

Oppstart av nye jentelag
Jenter 2014
Tirsdag 25.aug blir det oppstartstrening for eige jentelag i 2014-årgangen. Treninga vil foregå på Kuventræ bane 3 (den offentlige med løpebane rundt) kl. 16.30 – 17.30. Marius Mikkelsen som er FFO-ansvarleg i klubben vil gjennomføre treninga. Fokus: fotballglede og mestring!

Jenter 2013
Onsdag 26.aug blir det ny oppstartstrening for eige jentelag i 2013-årgangen. Treninga vil foregå på Kuventræ bane 3 (den offentlige med løpebane rundt) kl. 16.30 – 17.30. Også denne vil Marius Mikkelsen gjennomføre med fokus på fotballglede og mestring!

Me vil også minne om treningstidene til gutar 2013 og gutar 2014. Begge kulla er godt i gang med trening og har det knallkjekt. Dei ynskjer seg fleire lagkamerater og håper barnet ditt har lyst å vere med! Han er i alle fall hjertelig velkommen!
G2013 trenar mandag kl. 17-18 på K1 (Kuventræ bane 1)
G2014 trenar onsdag kl. 17-18 på K1 (Kuventræ bane 1)

Øvrige treningstider kan ein sjå på heimesida.

Bidra som frivillig?

Om du kan bidra som trenar, lagleiar, i ein arrangementskomite eller noko anna er du hjertelig velkommen. Våre medlemmer treng deg! 

Spørsmål kan rettes til Marius Mikkelsen
Mail: marius@osfotball.no Tlf. 47709118

VELKOMMEN TIL FOTBALLSTART!