Futsal cup med kveldsbading 30.november!

Velkommen til futsal cup og kveldsbading 30.nov!

Fredag 30.november arrangerar Os Fotball og Osbadet FK futsalcup og kveldsbading for alle 13 – 16 åringer (fødd 2002 – 2005). Set saman eit vennelag og hiv deg med!

Klassar: G13, G14, G15/G16 og J13/J14 og J15/J16.

Cupen startar kl. 18.00 og går utover kvelden (slutter ca kl. 00.00). Gruppe-spel og finale-spel for alle klassar. Det blir ein lengre pause mellom to av kampane for å ha tid til bading i Osbadet.

Spelform: 5 vs 5 (inkludert keeper) på håndballbane.
Speletid: 1 x 15 min.
Ball: Futsal-ball.
Regler: Vanlige fotballregler, men innspark i stedet for innkast.
Antall spelarar pr. lag: Maks 8 pr. lag.
Pris: 150 kr pr.spelar (dekker cup og bading). Betaling skjer samla for laget før fyrste kamp!
Lagnamn: For eksempel «Bahamas United», «Supergirls» etc.
Premie: Pokal til vinnarlaga og premiering av turneringens beste spelar i kvar klasse.

Påmelding

Påmelding sendes til endre@osfotball.no. Merk påmeldinga med lagnamn og kontaktperson.

Frist for påmelding er fredag 16.november. 

Det er ope for maks 12 lag i kvar klasse, så ver tidleg ute med påmelding. Fyrste mann til mølla!

 

LONDON, ENGLAND – FEBRUARY 28: Futsal International Tournament at The Copper Box on February 28, 2015 in London, England. (Photo by Jordan Mansfield – The FA/The FA via Getty Images)