Full fart på Magnor Vinduet Fotballskule!

Denne veka arrangerte Os Fotball Magnor Vinduet Fotballskule med omlag 100 ivrige og lærevillige unge fotballspirer. Med strålande vêr, besøk av Brann-heltar og ei rekkje øvingar, var det stor fotballaktivitet, breie smil og full fart på Kuventræ-matta frå tirsdag til torsdag.

Omlag 100 spente barn i alderen 1.-10.-klasse møtte på Kuventræ tirsdagsmorgon, spennklare for å starte aktiviteten på Magnor Vinduet Fotballskule. Deltakarane blei delt inn i grupper etter alder, for så å bli introdusert i ei rekkje øvingar med temaene 1 vs 1 og sjef over ball. Instruktørane på fotballskulen var frå klubbens seniorlag på herre- og damesida, samt frivillige trenarar som også er trenarar i klubben. Spelarutvikler Ørjan Sandal hadde ansvaret for den eldste gruppa. Etter eit par timer med ferdighetsrelatert aktivitet fekk deltakarane eit avbrekk for påfyll av energi med eit næringsrikt måltid. Etter ein liten kvil, tok det ikkje lang tid før deltakarane trippa etter å komme i gang igjen. Etter avbrekket venta ein liten skadeførebyggande styrkebit, nokre ferdigheitøvingar og fotball-leik, før dagen blei avslutta med smålagsspel. Nokre hadde det også gøy med vannkrig. Etter strålande innsats heile dagen fekk deltakarane frukt og me kunne fornøyd runde av den fyrste dagen. Ein fin start på fotballskulen!

Besøk av Brann-heltar

På dag to av MagnorVinduet Fotballskule kom to av heltane frå Brann på besøk, Brann-kaptein Vito Wormgoor og Ruben Kristiansen. Dei delte ut signerte kort, svarte på spørsmål frå deltakarane og stilte sporty opp på fotballkamp mellom deltakarane og dei vaksne. Deltakarane hadde mange spørsmål til sine helter, alt frå kor flinke dei var til å trikse til kor mange ganger de trener i veka med Brann. På spørsmålet om kor flinke dei var til å trikse svarte både Vito og Ruben at dei var forsvarsspelarar og trengte ikkje vere flink til det, noko som falt i god jord hos deltakarane. Ruben viste derimot litt seinare at også forsvarsspelarar kan behandle ballen då han imponerte barna med nokre «feite» triks. Det blei eit fint besøk og stor stas for deltakarane å få møte Brann-heltane og i tillegg få spele fotball med dei.

Utenom besøket var dagens tema avslutningsferdigheit med mål om at alle skulle få kjenne på følelsen av å score mål. Det blei satt opp ulike deløvingar og stasjoner for å øve på scoringsferdigheit. Alle som ville fekk også prøve seg som målvakt. Siste del av dagen blei det spel på litt større baner og smålagsspel for dei aller minste. Dagen blei avslutta med ein «kvikkis-quiz», der ein skulle svare utfrå to alternativer så fort som mogleg. Etterkvart som ein tok feil måtte ein sette seg, heilt til det stod igjen ein vinnar. Deltakarane imponerte og det måtte ei rekkje spørsmål til for å kåre ein vinnar. Etter ein lang dag med mykje aktivitet var deltakarane godt slitne, men fornøyde, når me runda av dag to av fotballskulen.

På den siste dagen var det duka for høgdepunktet for mange av deltakarane på fotballskulen, nemleg turnering. I disse VM-tider var det sjølvsagt naturleg med eit VM-preg på turneringa og i den anledning kom også det mykje omdiskuterte VAR (video assistant referee) til syne på dei eldste si turnering. Deltakarane blei delt inn etter alder og det blei spela tre turneringer. Det var god kok på VM-turneringane og deltakarane viste enorm innsats, vinnervilje og speleglede. Som i grunn oppsummerer alle dagane på fotballskulen. Avslutningsvis fekk vinnarlaga utdelt premier og deltakarane fekk sin fortjente hyllest, før dagleg leiar Endre Brenne baud på eit aldri så lite trikseshow, til stor jubel frå deltakarane. Og vipps var årets fotballskule over for denne gang.

Me har hatt det knallkjekt og er strålande fornøyd med deltakarane som har stått på dagen lang, vore lærevillige, hatt godt humør, vist fine ferdigheiter og ikkje minst stor speleglede. Det lover godt for fotballframtida i Os. Tusen takk for i år og god sommer!