Frode Storebø forlenger: – Eg gjer meg ikkje før eg har vunnet ein middag på havnechefen!

Førjulspresang til alle Os patrioter; angriperen frå Austevoll, Frode Storebø, er klar for ein ny sesong i Os-drakt!

Frode Storebø har lenge vore ein ettertrakta spelar i hordalandsfotballen og klubben var difor strålande nøgd når han i november i fjor signerte for Os. Storebø er ein angrepsspelar med enorm fysikk og fenomenale ein mot ein ferdigheiter offensivt. Os-publikummet har fått sett glimt av potensialet til angriperen i årets sesong; no er det berre å glede seg til å sjå meir i 2019!

Storebø sjølv gleder seg og ser fram til ein spennande sesong i 2019.

«Eg gjer meg ikkje før eg har vunnet ein middag på Havnechefen restaurant (bestemannspris)», humrer Storebø til sin nye trenar Endre Brenne sin store fornøyelse.

Den ferske A-lagstrenaren er godt nøgd med å ha forlenga med austevollingen.

«Eg er strålande fornøyd med at Frode vil vere med vidare. Det er ein spelar med eit stort potensiale og som har ekstremferdigheiter offensivt. I tillegg er han ein veldig hyggelig kar og ein viktig bidragsyter i gruppa. Eg trur me kan få enda meir nytte og glede av han i året som kjem.», seier Brenne.

Me gler oss over forlenginga og ser fram til Storebø-show på Kuventræ i 2019!

Heia Os!