Framadstormende ungdommer og rutinert referansespelar har signert!

Alexander Dale, Vegard Skeie og Fabian Bødtker har alle signert kontrakter med Os Fotball før 2019-sesongen! Hovudtrenar Endre Brenne er utruleg glad for at eigne ungdommer og ein rutinert referansespelar er med vidare!

«Os Fotball skal vere ein klubb med sterk lokal forankring som gjev moglegheiter til eigne ungdommer som kjem opp. Det er difor veldig kjekt og viktig for klubben å ta vare på unge osinger som Vegard og Fabian som har vore i klubben lenge og teke store steg. Dei har begge vist stor framgang, er hardarbeidande, audmjuke og ambisiøse, og me har stor tru på at dei vil fortsette utviklinga hos oss», seier Brenne før han fortel vidare.

«Det er viktig for ungdommer som er på veg opp å ha nokre rutinerte referansespelarar rundt seg som dei kan strekke seg etter. Dale er akkurat ein slik referansespelar som me trenger utifrå. Han går framfor som eit godt eksempel i trening og kamp med eit høgt sportsleg nivå og stor profesjonalitet i alt han gjere både på og utafor bana. Han er i tillegg ein utruleg fin type og viktig bidragsyter i gruppa», uttaler Endre Brenne.

Alexander Dale har sidan han kom til Os sommaren 2017 vore ein viktig bidragsyter for A-laget både på og utafor bana. Austevollingen har mykje erfaring frå 2. og 3. divisjon og kan bekle både ein midtstopper- og midtbaneposisjon. Dale er ein ballsikker spelar med stor ro i spelet sitt. Han har også eit imponerande finterepetoar til å vere midtstoppar og uttallige spisser har gått på den etter kvart kjente, men effektive, «Dale-finta». Han har i tillegg gode leiareigenskapar og er av trenarteamet valt til å vere i kapteinsteamet til A-laget i årets sesong. Dale sjølv ser fram til eit nytt år på Kuventræ.

«Eg trives godt og trur det kan bli eit gøy år på Kuventræ! Eg synast det er spennande med Endre og Rune som trenarar. Dei er begge utruleg dedikerte og ambisiøse og legger alt til rette for at me skal få eit best mogleg treningsopplegg. Det smitter over på oss spelarar og gjer at me ynskjer å yte så godt me kan og gjerne litt til i gjengjeld», seier Alexander Dale.

Vegard Skeie (18 år) er ein duellsterk og anvenleg spelar som til tross for sin unge alder speler med stor autoritet og tilstedeværelse. Han er i utgangspunktet midtstopper, men kan også spele sentral midtbane eller back. Vegard er seriøs og målbevisst, i tillegg til at han er ambisiøs, treningsvillig og lærevillig. Det har gjort at han har hatt fin utvikling dei siste sesongane og teke overgangen til seniorfotballen på ein god måte. Han har naturlege leiareigenskaper og er verken redd for å ta ansvar på eller utafor den grønne matta. Det har gjort at han er valt i kapteinsteamet til A-laget i 2019. Me kan trygt seie at Vegard har gode haldningar og forutsetninger for å nå lengst mogleg på fotballbana og me er glade for at han vil fortsette utviklinga si på Kuventræ.

 

Fabian Bødtker (19 år) er ein målfarleg angriper med mykje trøkk og gjennombrotskraft. Han er ambisiøs og dedikert til eiga utvikling, der han er målbevisst (bokstaveleg talt), treningsvillig, lærevillig, audmjuk og profesjonell i treningsarbeidet sitt. Fabian har hatt ein fin utvikling dei siste sesongane og har gode forutsetninger for å bli Os sin neste storskårer! Kanskje dette er året han får sitt definitive gjennombrot for A-laget i 3.divisjon? Me krysser fingrane for det og er glade for at Fabian vil utvikle seg vidare på Kuventræ!

Lykke til med årets sesong!