Fotballstart for gutar og jenter fødd 2012!

Os fotball ynskjer alle gutar og jenter fødd i 2012 som vil starte å spele fotball velkomne til klubben for fotballaktivitet i 2018.

Fokus: Fotballglede!

Allereie onsdag 10. Januar frå 16:30 til 17:30 er fyrste moglegheit til å bli med på trening. Dette blir også treningstida for 2012-kullet vidare. Treningane vil vere inne på Os gymnas i Gymnasvegen 85. Ansvarleg for dei to fyrste treningane (10. Jan og 17. Jan) vil vere dagleg leiiar, Endre Brenne, og fotballfritidsansvarleg, Marius Mikkelsen. Felles mål for treningane er fotballglede.


Os fotball søkjer trenarar til 2012-kullet.

Vidare etter dei fyrste treningane, søkjer Os fotball frivillige som ynskjer å trene 2012-kullet. Det bør helst vere fleire som får ansvaret saman, slik at ein kan rullere på kven som har ansvaret frå trening til trening. Er dette interessant, ta kontakt med dagleg leiiar Endre Brenne på endre@osfotball.no.

 

Alle born og foreldre frå 2012-kullet er med dette hjarteleg velkomne til treningar i 2018. Os fotball håper å sjå mange nye, glade fotballspirer i året som kjem!

Til informasjon ser ein helst at foreldre som kjem med barn på dei to fyrste treningane er tilstades gjennom treninga. Vel møtt!