Fotball – meir enn eit spel!

(Foto: Midtsiden)

I 100 år, frå starten i 1919 og fram til i dag, har Kuventræ vore eit møtepunkt for born, unge og vaksne til fotballaktivitet. Dagleg er det mange innom idrettsanlegget på Kuventræ, og fotballen er noko som involverer mange. Fotballen er dermed ein viktig sosialiserings- og samfunnsarena, og me i Os Fotball ser det som eit samfunnsansvar å bruke vår påvirkningskraft i eit samfunnsmessig perspektiv, ved å utvikle gode menneske. Fotball handlar om så mykje meir enn det som skjer på bana. Det handlar om å utvikle menneske og kvar enkelt sine haldningar, sjølvbilete, sosiale forståing, vennskap, vaner, samhald og tilhøyre. I Os Fotball skal me i tillegg til å utvikle gode fotballspelarar utvikle sterke samfunnsborgarar!

Dette er noko som ligg Tore Kleppe, vår mangeårige frivilleg i klubben, sitt hjarta nært. Tore var i førre veke på besøk hos Os barneskule for å snakke om sine tankar rundt det å skape gode miljø.

«Det var utruleg kjekt å komme på besøk til Os barneskule. Eg synest dette er eit viktig tema og det er kjekt å vise at me driv med meir enn berre fotball. Fotball er ein viktig samfunnsarena der ein kan utvikle eigenskapar som er viktige å ha med seg seinare i livet. Eg synest me som klubb må vere bevisst på dette samfunnsansvaret og vise handlekraft», seier ein blid Tore Kleppe som lot seg imponere over ungdommen som sat som nokre lys då han snakka.

Tore kunne komme med mange eksempel frå arbeidet som frivillig i Os Fotball, mellom anna kva som er viktig for å få ei gruppe til å fungere i lag, og korleis skape eit miljø med godt samhald. I denne samanhengen snakka han blant anna om haldningskapande tiltak som respekt, kommunikasjon og språkbruk, å rydde etter seg, å legge til rette for alle, møte presis og førebudd, samt å oppmuntre og ta vare på kvarandre.

«Det er viktig å sjå kvar enkelt sine sterke sider og dra kvarandre opp – og så synest eg det er utruleg viktig med superlativer. Har du noko å seie til andre, sjå det positive, det som kan løfte den personen, og sei det. Dette har mykje å seie for både følelsen av å bli sett, sjølvtillit og sjølvbilete. Glede, trivsel og vennskap er utruleg viktig for å skape eit miljø med godt samhald, og for å halde ungdommen i idretten lengst mogleg!» seier Tore, før han held fram;

«Eg er oppteken av at det skal bli lagt til rette for alle, uansett om ein vil satse på fotball eller ikkje, og at ein tek vare på viktigheita av det sosiale. At born og unge får trene med kameratar og venninner, og at trenarar og leiarar fokuserer på mestring og utvikling framføre prestasjon. Det trur eg er viktig for trivselen. For meg er det absolutt viktigaste med fotballen å utvikle trygge miljø, vennskap for livet og menneske med sunne, gode haldningar. Om ein blir ein toppspelar i tillegg er berre ein bonus», avsluttar Tore.

Tore Kleppe var i førre veke på besøk hos Os Barneskule (Foto: Os barneskule).

Les haldningskontraken til klubbens Telenor Xtra Fotballfritidsordning her: Holdningskontrakt-Os-Fotball