Fleire viktige signeringer for herrelaget

Thomas Spilde, Jonas Fagerbakke Hovland og Torgeir Lunde er klare for fleire sesonger i gult!

Det er med stor glede me kan meddele at dei lokale gutane, Jonas Fagerbakke Hovland og Torgeir Lunde, samt hurtigtoget Thomas Spilde frå Sund, har skrevet under på nye avtaler med klubben!

«Alle desse signeringane er eit tydeleg bevis på at klubben satsar godt vidare, og med ein høg andel lokale spelarar. Dette er gutar av heil ved som alle er svoltne på å verta betre, jobbe hardt og oppnå suksess! Skal me som klubb og lag oppnå noko er det den einaste vegen», seier Endre Brenne.

Jonas Fagerbakke Hovland

Jonas Fagerbakke Hovland

Jonas Fagerbakke Hovland kom til Os Fotball frå Nore Neset i ungdomsfotballen, og debuterte for A-laget i 2019. Han markerte seg umiddelbart i 3.divisjon med stor ro med ball, rå fysikk og god forståelse, og var ein av lagets mest framtredende spelarar. Midtstopperen fekk også vist fram skuddfoten når han smalt inn sine fyrste mål for A-laget frå distanse mot Valdres på Kuventræ.

Dessverre for både Jonas og laget pådro han seg ein alvorleg kneskade i same kamp. Unggutten har gjort ein kjempejobb i opptreninga og er no klar for å fortsette utviklinga i Os Fotball – til stor glede for trenar Endre Brenne:

«Jonas er på veg tilbake frå korsbåndsskade og har jobba utrulig godt gjennom heile 2020 for å komme enda sterkere tilbake. Jonas har eit stort potensial og det skal bli veldig godt å få han attende på feltet. Har det beste som skal til for å bli ein topp midtstopper»

Navn: Jonas Fagerbakke Hovland
Posisjon: Midtstopper/midtbane
Alder: 21 år
Tidligare klubber: Nore Neset IL

Torgeir Lunde

Torgeir Lunde

Me har også stor glede av å meddele at Torgeir Lunde har signert ny avtale. Torgeir er ein lokal spelar som trass sin unge alder har mykje erfaring i 3.divisjon. Debuten for A-laget fekk han heilt tilbake til 2015, der han som 16-åring imponerte på Os sin midtbane med stor arbeidsradius, god ballbehandling og kloke val.

I dei påfølgjande sesongane spela talentet fast på laget, og etter eit år i militæret, var han klar for dyst igjen i 2019. Han er opprinneleg midtbanespelar, men grunna sitt kloke fotballhovud og gode allroundegenskaper har han bekledd dei fleste posisjoner på A-laget dei siste åra. Når han samtidig har gode haldningar og stor arbeidsmoral kan me trygt seie at Torgeir er ein treners draum.

«Torgeir er trass sin unge alder ein av dei mest rutinerte i gruppa. Han innehar eit klokt fotballhode, flotte ferdigheiter og stor løpskapasitet. Torgeir sett alltid laget framfor seg sjølv og er eit forbilde for lagkameratar og alle yngre spelarar i klubben. Eg trur 2021 blir året me får sjå den beste utgåva av Torgeir Lunde hittil», uttaler trenar Endre Brenne.

Navn: Torgeir Lunde
Posisjon: Midtbane/potet
Alder: 22
Tidligare klubber: Søre Neset IL

Thomas Stene Spilde

Thomas Spilde

Thomas Spilde kom til Os før 2020-sesongen, men grunna den pågåande pandemien har debuten i gult måtte vente på seg. Den hurtige angriperen frå Sotra viste spennande ferdigheter i treningskampane i fjor vinter, der han blant anna hadde eit praktmål mot gamle lagkamerater i Fana. At det bur mål i hurtigtoget er det liten tvil om. I barndomsklubben sin Sund har han blant anna 81 mål på 100 kamper på seniornivå – så det lukter mål signert Spilde på Kuventræ dei neste åra! Brenne er strålande nøgd med at angriperen er med vidare:

«Sokkesalg-kongen frå Sotra har sklidd flott inn i gruppa med sitt positive og glade vesen! Thomas er ein spennande offensiv spelar med særs gode ferdigheiter framfor mål, alltid «på tur» med gode bevegelsar og stor fart. Han har eit uforløyst potensial som me vonar og trur skal komme fullt ut dei neste åra»

Navn: Thomas Stene Spilde
Posisjon: Spiss/kant
Alder: 24 år
Tidligare klubber: Sund og Fana

Alle tre har signert på ein toårig-avtale. Me gler oss stort over at alle tre er med vidare! Heia Os!