Fleire støttespelarar fortsetter samarbeidet med Os Fotball!

Jernia Sælen, Bo Eiendomsmegling og Os Blikk og Fasade AS har lenge vore trufaste støttespelarar til Os Fotball. Me set stor pris på at dei no vil fortsette samarbeidet!

Her kan du lese litt om samarbeidspartnarane våre.

Jernia Sælen

Foto frå venstre: Endre Brenne, Paul Sigurd Sælen og Hans Kristian Sælen.

Jernvarehandelen Jernia Sælen er ein familiebedrift med fokus på kunnskap, kvalitet og service. Om du trenger noko til heimen, anbefaler me å besøke dei i Os sentrum for ein alltid hyggeleg handel! Du kan også besøke dei på nett https://www.jernia.no.

Velkommen på laget Jernia Sælen!

Bo Eiendomsmegling

Foto: Endre Brenne med Åge Gulbrandsøy Megler MNEF / Partner i Bo Eiendomsmegling.

Bo Eiendomsmegling er eit lokalt eiendomsmeglerforetak som er oppteken av trygghet i salgsprosessen. Det er eit team med god lokalkunnskap, er effektive og kostnadsorienterte. Skal du selge eller kjøpe bolig i Os kan Bo Eiendomsmegling hjelpe deg! Besøk dei på nett her: http://boeiendomsmegling.no

Velkommen på laget Bo Eiendomsmegling!

Os Blikk

Foto: Endre Brenne med dagleg leiar Eirik Hjørnevik hos Os Blikk og Fasade AS!

Os Blikk og Fasade utfører alle typer blikkenslagerarbeid som pipeinndekninger, lufting av tak, båndtekking og alle typer beslag til bedrifter og private. Det er ein bedrift med fokus på kvalitet, service og gode løysinger. Ta turen innom dei i Industrivegen for ein hyggeleg prat!

«Me synst det er kjekt å vere med og liker å støtte lokale idrettslag, inkludert Os Fotball. For oss er det viktig å støtte ulike aktiviteter i krinsen, om det er motorcross eller fotball», seier dagleg leiar i Os Blikk og Fasade Eirik Hjørnevik.

Velkommen på laget Os Blikk og Fasade!

Du kan besøke dei på nett her:

Hjem