FFO har 5-års jubileum!

I går, måndag 3. september, var det på dagen fem år sidan Os Fotball blei Telenor Xtra-klubb og starta opp fotballfritidsordning, betre kjend som FFO. Det er me i dag strålande nøgde med!

Os Fotball Telenor Xtra er eit tilbod til born etter skuletid med fokus på lekser, mat, fysisk aktivitet og haldningar. Tilbodet blei til for fem år sidan med initiativtaker og dåverande dagleg leiar for Os Fotball, Hans Pärnefelt, med god hjelp frå dåverande sportsleg leiar, Roald Stigen. Dette er eit tilbod gjennom Norges Fotballforbund. Dei fyrste åra var det hovudforeningen i klubben som hadde ansvar for tilbodet, før Os Fotball overtok i januar 2016.

Frå sju til over 130 deltakarar på fem år

Ei som har vore med sidan oppstarten i 2013 og fortsatt held koken er Sylvia Vangsnes. Sylvia kan fortelle om ein enorm utvikling på FFO.

«Når me starta opp for fem år sidan hadde me tilbod to dagar i veka og hadde sju deltakarar. I dag har me tilbod alle dagar i veka og har over 130 deltakarar totalt. Det har blitt veldig populært og det er utruleg kjekt å ta i mot alle dei sprudlande og kjekke borna. Fleire av borna har i tillegg vore med sidan oppstarten på FFO og er no med på Akademi-tilbodet i klubben. Det er vel eit godt teikn, seier Sylvia med eit stort smil.

Os Fotball Telenor Xtra er i dag eit tilbod for born i alderen 2. til 6. klasse, medan Os Fotball Akademiet, som er ein forlenging av FFO-ordninga, er for 7 – 10. klasse. Totalt med begge tilboda er det altså i dag over 130 deltakarar frå forskjellige skular og klassetrinn i heile bygda. FFO for 2.- 6. klasse har over 100 deltakarar, medan det på Akademiet er over 30 deltakarar. Sylvia fortel vidare at det er veldig kjekt og morosamt å sjå at fleire søsken begynner på FFO. Ho kan fortelle at det blant anna familien Aadland har vore ivrige deltakarar på FFO. Kristin Aadland har hatt born med på FFO sidan oppstarten og har i dag tre born som går på FFO og Akademiet.

«Vi synes at FFO er og har vært et veldig bra tilbud og ungene stortrives. Dere er flinke til å se det enkelte barn og hva det trenger. Kvaliteten er veldig bra og opplegget er forberedt og gjennomtenkt. Det er alltid like fascinerende om tirsdagen når jeg leverer Aksel på morgentrening og banen er i ferd med å bli rigget på den ene siden, og deretter henter Nora på tirsdag ettermiddag og ser hvordan opplegget da er tilpasset de minste. For de eldste er det eit supert supplement for de som ønsker litt ekstra trening», seier Kristin Aadland, mor til Nora, Mathias og Aksel.

– Eit tilbod som utvikler fotballspelarar og gode haldningar. 

I tillegg til å utvikle flinke fotballspelarar er det på FFO eit stort fokus på å utvikle sosiale ferdigheiter og gode haldningar. «Fair play», «inkludering», «samarbeid», «respekt», «alle er like mykje verd», «ta omsyn til andre», er nokre nøkkelord alle på FFO er godt kjende med. Me ynkjer å vere eit trygt og godt miljø der alle trives, alle kan utfolde seg og alle får kjensle av meistring. Dagleg leiar Endre Brenne er svært glad for at Os Fotball sin FFO har blitt så populær, og er overbevist om at dette er eit tilbod som vil kome klubben og bygda til gode i framtida. Både i form av flinke fotballspelarar og gode haldningar.

«Det er utruleg gjevande å sjå fotballgleda, samholdet og utviklinga til deltakarane på FFO-tilbodet til klubben, både som fotballspelarar og ikkje minst menneske. Me har eit stort fokus på å utvikle gode haldningar, både i form av gode medmenneskelege eigenskapar og gode rutiner som lekser, sunt kosthald, samt innstilling og tilstadevering på fotballbana. Me er stolte over FFO-ordninga vår, og det er kjekt at ein på FFO knytter bånd på kryss av klassetrinn og skular i heile bygda. Alle er velkomne og me har det knallkjekt», seier Brenne.

Me er i dag stolte over å ha ein stor og flott FFO-familie som har det knallkjekt saman og alltid ynskjer å utvikle seg, på og utafor fotballbana. I FFO-familien er det plass til alle og dersom dette kunne vore noko for ditt born, er han/ho hjarteleg velkommen!

Sjå påmeldingsinformasjon på klubben sine nettsider.

FFO

Du kan lese meir om tilbodet på klubben sine nettsider:

Velkommen til Telenor Xtra FFO 2018/19!