Festkveld i Tropehagen!

Torkel Hjertnes og Else Marie (t.v) trakk det lengste strået og vann «Skal vi danse»-konkurransen.

«Fantastisk», var konklusjonen frå nokre blide og spreke bebuarar etter arrangement i Tropehagen på Luranetunet onsdag kveld. Nokre av dei hadde til og med fått svinga seg på dansegolvet.

Me i Os Fotball baud nemleg bokstaveleg talt opp til dans i den nye eksotiske Tropehagen på Luranetunet onsdag kveld. Heldigvis var verken bebuarar eller besøkjande vonde å be!

Programmet for kvelden var innhaldsrikt og variert med live-musikk, spelarpresentasjonar, diktlesing, servering av forfriskande smoothier og delikate aurewrapper, kvikkis-quiz, presentasjon av konseptet «Eat Move Sleep» og til slutt ein «Skal vi danse»- konkurranse. Endre Brenne satte i gang festen med nokre opningsord, der han blant anna forhøyrte seg om moglegheitane for å reserve eit rom på omsorgssenteret i framtida, før Tore Kleppe overtok med spelarpresentasjonar av herre- og damelaget til Os Fotball.

Deretter var det hovudtrenar på herrelaget som fekk merksemda. Han byrja å snakke om Os Fotball sin stolte historie, før han fortelalte om statusen i herretroppen, samt kva ambisjonar klubben har på kortare og lengre sikt for herrelaget. Han fulgte dette opp med to dikt frå Jon Hjørnevik.

Vidare i programmet ynskja Endre å løyse opp i stemninga med ein kvikkis-quiz. Den gjekk føre seg ved at ein fekk to svaralternativer der ein enten kunne svare ved å halde henda på hovudet eller henda på låra. Quizmaster Endre hadde god variasjon i spørsmåla, frå lokalt og nasjonalt til internasjonalt. Til slutt stod to av bebuarane igjen og delte fyrsteplassen. Dei eldste er altså fortsatt eldst! Dei fekk kvar sin gensar i premie.

Olav Skorpen og Leif Østrem byrja so å spele sommerlege melodier, medan det blei servering av forfriskande smoothier og delikate aurewrapper. Dette var det damene i Eat Move Sleep-kiosken til Os Fotball som stod bak. Me anbefaler på det sterkaste å gå innom kiosken neste gang du er på Kuventræ! Der møter du alltid eit smil og ein hyggeleg kommentar, samt noko sunt og godt å ete eller drikke.

Etter matservering og mingling, fortalte Endre om «Eat Move Sleep»-konseptet til NFF, Bama og Eat. Os Fotball er ein av 37 klubbar som er plukka ut til å vere «Eat Move Sleep»-ambassadør i 2018, noko me er veldig stolte og glade for. Du kan lese meir om konseptet og Os Fotball sin rolle som abassadørklubb her:

(Saken fortsett under lenkja)

Os Fotball handplukka av NFF til viktig ambassadørrolle

Til slutt gjenstod «Skal vi danse»-konkurransen på programmet. Skorpen og Østrem spela opp til dans, medan a-lagsspelarane på herre- og damesida gjekk håpefullt rundt til bebuarar og besøkjande for å finne seg ein dansepartnar. Dansegolvet fylte seg fort opp og smila var store, både blant dei som såg på og dei som vrikka på hoftene. Kveldens «Skal vi danse»-dommarar var herrelaget sitt trenarteam med Karl Kvile, Tim Henrik Sperrevik og Chris Kytiri. Dommartrioen bestemte tre dansepar dei meina utmerka seg og fortente å gå vidare til finalen. Dei para som imponerte mest var Torgeir Lunde, Amanda og Torkel Hjertnes med sine partnarar. I finalen var det Torkel og Else Marie som trakk det lengste strået og tok sigeren i «Skal vi danse»- konkurransen. Tore Kleppe fekk eit eksklusivt intervju med vinnarparet etter sigaren. Du kan sjå det her:

Os Fotball setter stor pris på alle som ynskja å dele denne kvelden med oss og takker for ein strålande aften. Dette var knakande kjekt og blir garantert ikkje siste gang me dreg i gang eit liknande arrangement!

Fleire bilete og film frå kvelden kjem.

Olav Skorpen og Leif Østrem gav ei fin musikalsk ramme kring arrangementet

Mange bebuarar og besøkjande delte den fine kvelden med oss!

Høg puls og breie smil også på kjøkkenet.

Vinnarane av kvikkis-quizen

Dommartrioen i «Skal vi danse»-konkurransen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Finalepara i «Skal vi danse»-konkurransen.

Torkel Hjertnes og Else Marie (t.v) trakk det lengste strået og vann konkurransen.