Ferie på tabelltopp!

Os A-lag ligg på tabelltopp etter halvspelt sesong.

Etter ein litt trøblete start på sesongen har Os A-lag no teke sommerferie på tabelltopp. A-laget kom litt skjevt ut frå startblokka og tapte fyrste kamp mot Fyllingsdalen 2 på Varden. Sidan den gang har ikkje laget tapt, men derimot vunnet samtlige kamper med unntak av eit uavgjort resultat. A-laget har variert i prestasjonane, frå å levere festfotball litt å vere litt rufsete og unøyaktige, men med ni sigrar, ein uavgjort, eit tap og 34 pluss i målforskjell har A-laget teke kommandoen i avdelinga. Det er hovudtrenar Tim Henrik Sperrevik godt fornøyd med.

«Etter ein spesiell start på sesongen, så er eg godt fornøyd med utviklinga til gruppa utover i vårsesongen. Me har jobba oss inn i det, teke kamp for kamp og blitt meir og meir solide. Me produserer enormt med sjanser og scorer mykje mål, og enda kan me bli meir effektivitet framfor motstanderens mål. Me har derimot sluppet inn litt for mange mål og det er noko me har hatt fokus på å betre. Det er difor gledelig at me i dei to siste kampane før ferien er solide både defensivt og offensivt og kan bygge vidare på det», seier Tim Henrik Sperrevik før han legg til.

«Det er også veldig kjekt å sjå at ungdommen tek steg og viser seg verdig ein plass i både startoppstillinger og i troppen. Det er ellers eit godt miljø og fin stemning i gruppa».

Sjølv om Os A-lag befinn seg på toppen av tabellen etter halvspelt sesong, så ser ikkje Sperrevik, i likhet med Kvåle, nokon grunn til å kvile på laurbæra i sommer.

«No gjeld det å gjere ein god jobb i sommer og vere godt førebudd når haustsesongen startar. Me kunne ikkje hatt eit betre utgangsposisjon enn tabelltopp etter halvspelt sesong og den har me ikkje tenkt å gje frå oss. No har me fått fyr på Os-lokomotivet, så då er det berre å køyre på vidare. Me gler oss til haustsesongen», avslutter ein optimistisk Sperrevik.

Fyrste kamp for Os A-lag etter ferien er mot Fyllingsdalen 2 på Kuventræ 12.august kl.16.00! Me gler oss til ein spennande haust og ynskjer Os A-lag lukke til i opprykksjakta!

Sjå tabellen her:

https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/tabell/?fiksId=158713

Oppryktsjakt for Os 2

I likhet med A-laget og damelaget har også Os 2 hatt ein god vårsesong og kjemper i toppen av tabellen i sin avdeling i 5.div. Os 2 ligg etter halvspelt sesong på 2.plass og opprykksplass ettersom dei to øverste laga rykker opp til 4.div.

«Eg er godt fornøyd med vårsesongen. Med åtte sigrar, ein uavgjort og to tap, så må me seie oss fornøyde. Me har scora mange mål, men har litt å jobbe med i andre enden av bana. Ellers er eg veldig glad for å sjå utviklinga til laget. Gruppa har vist ein positiv utvikling gjennom heile vårsesongen og me var veldig solide i dei siste kampane før ferien. Det er gledelig å sjå», seier hovudtrenar Martin Eidsvik.

«No gjeld det å gjere ein god jobb i sommer. Store deler av gruppa skal til Norway Cup og kjem til å helde formen vedlike. Me skal fortsette å utvikle oss og kjempe om ein av opprykksplassane til hausten», fortel Eidsvik vidare.

Os 2 starter opp igjen 11.august mot Dale kl. 15.00 på bortebane. Me ynskjer Os 2 lukke til med haustsesongen!

Sjå tabellen her:

https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/tabell/?fiksId=158804

Heia Os!

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).