Fantastisk stemning på fotballgallaen i Oseana!

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Årets sesong har vore fantastisk for Os Fotball med tre opprykk på seniorsida, mykje god aktivitet i barne- og ungdomsfotballen, samt fleire arrangementer for samfunnet utafor bana. Det har også blitt lagt merke til utafor kommunegrensa og klubben fekk av disse grunnene den gjeve tittelen «Årets klubb» under lokalfotballgallaen til BA og Hordalandsfotballen tidligare i november. På laurdag inviterte me med heile fotballfamilien til ein storslått galla på Oseana, krydra med nostalgi, prisutdelingar, ein ellevill auksjon og fantastisk stemning. Årets sesong skulle feires!

Nostalgi med Os-heltane frå 1974

Dagleg leiar Endre Brenne ynskja velkommen, før sportsleg leiar Jan Frode Skeie oppsummerte sesongen, tok eit tilbakblikk på historien og lanserte klubben sine framtidsplaner.

Davy Wathne var kalla inn som konferansier for kvelden, noko han satt stor pris på. Han kunne frå scena meddele at Os Fotball har vore avgjerande for karrieren og livet hans. Den gylne generasjonen som rykka opp to år på rad frå 3.div til øverste divisjon i 1973 og 1974, har nemleg Davy eit heilt spesielt forhold til. Omlag samtlege frå opprykkslaget i 1974 var på plass på fotballgallaen og Davy var open om at gjensynet med gjengen var rørande og spesielt. Med sitt tette forhold til klubben leia han difor kvelden på ein strålande måte med gode historier og fotballkunnskaper.

Eit av fleire høgdepunkt i løpet av kvelden var når Davy, til ståande applaus frå resten av forsamlinga, kalla opprykkslaget frå 1974 opp på scenen. Frå orkesterplass kunne dei sjå høgdepunkta frå opprykkskampen mot Østsiden rulle over lerretet og mimre tilbake til den gylne tida.

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Utdeling av 10 prisar

I tillegg til Os-heltane frå 1974 fekk også betydningsfulle spelarar og støttespelarar frå årets sesong heder og ære.

MagnorVinduet med Ole-Vidar Skaathun fekk prisen «årets samarbeidspartner» for god og lang tid støtte. Ole-Vidar er ofte å sjå på Kuventræ og fekk velfortent ståande applaus på veg opp til scena. MagnorVinduet har vore Os Fotball sin største sponsor sidan 2006 og har støtta klubben i tjukt og tynt, i fleire opp- og nedturer. Me set utruleg stor pris på støtta frå MagnorVinduet og alle dei andre sponsorane våre.

Ole-Vidar bydde så opp til dans på ein ellevill auksjon om ei signert Chelsea-drakt frå Chelsea-spelarane Maren Mjelde og Maria Thorisdottr. Davy styrte auksjonen og la sjølv inn det første budet på 2000 kr, før Even Chelsea Olsen og Ole-Vidar tok over showet. Ole-Vidar trakk det lengste strået og vann auksjonen, før han gav drakta til ein verdi på heile 25 000 kr (!) til Even Chelsea Olsen.

I likhet med dei fleste andre idrettslag er me heilt avhengige av frivillige. Me er så heldige å ha utruleg mange og flinke frivillige i klubben vår, noko me er utruleg stolte og glade for. Dette er kvardagsheltar! Eldsjeler som stiller opp i all slags vêr året rundt. Me set utruleg stor pris på alle våre frivillige og synast alle fortener merksemd for innsatsen dei legg ned. På gallaen fekk ein av eldsjelane ein ekstra merksemd for innsatsen sin for klubben i 2018. Prisen «årets ildsjel» gjekk til Solfrid Vernøy blant anna for hennar innsats ved å drive kiosken på Kuventræ. Ei rørt Solfrid ynskja å dele prisen med Tore og Annette Kleppe, Trude Riple, Eirik Røberg og John Ole Johannesen, og inviterte dei med seg opp på scenen.

Det blei også delt ut fleire prisar for spelarar på dame- og herrelaget for sesongen 2018:

Mest framgangsrike spelar: Agathe Cöllestine Lekven og Vegard Strønen Skeie

Årets toppscorar: Vilde Drange Veglo og Mats Cato Moldskred

Årets spelar: Vy Mai Nguyen og Rafael Villén Villén

Det blei i tillegg delt ut to talentpriser på 2500 kr frå Kurt Monsens Minnefond. Ein pris til ein gut og ei jente som har utmerka seg med gode haldningar og ferdigheter i 2018: Vilde Drange Veglo og Leif Simen Mjånes

Jan Helge Corneliussen hadde mellom alle innslaga eit underhaldningsinnslag og programmet blei runda av med allsang til Os-songen, før DJ Osablod tok over miksepulten og opna dansegulvet. Ein minnerik og strålande avslutning på ein eventyrleg sesong!

Tusen takk til alle som blei med på feiringa på laurdag. Tusen takk til alle frivillige, til trenarar og leiarar, spelarar, støttespelarar og sponsorar for i år! Tusen takk til Davy Wathne som blei med på festen. Tusen takk til Mats Cato Moldskred og Endre Brenne som står bak arrangementet. No gler me oss til ny sesong og fleire fantastiske øyeblikk.

TUSEN TAKK for i år!

Årets mest framgangsrike: Vegard Skeie og Agathe Lekven (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Kurt Monsens Minnefond (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Årets eldsjel, Solfrid Vernøy (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Ellevill aksjon mellom Even Chelsea Olsen og Ole-Vidar Skaathun (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Årets spelarar; Rafa Villen og Vy Nguyen.

Stian Kvåle, Davy Wathne og Tim Henrik Sperrevik (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Årets toppscorer, Mats Cato Moldskred, saman med Tim Henrik Sperrevik (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Sportsleg leiar, Jan Frode Skeie (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Underholdningsinnslag med Jan Helge Corneliussen (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Ole-Vidar Skaathun og MagnorVinduet fekk pris som årets samarbeidspartner 2018 (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).