Fantastisk 100-års feiring!

(Foto: Midtsiden og Hordalandsfotball).

Fredag feira Os Turn Fotball 100 år med storslått jubileumsgalla i Oseana!

I år er det 100 år sidan ein starta med fotballaktivitet i Os Turnforening og det store jubileet blei feira i Oseana med godt over 200 fotballvenar. Styreleiar Leiv Gunnar Heggland ynskja velkommen før han introduserte Davy Wathne som konferansier. Davy har ein sterk tilknytning til Os Turn Fotball og Os-bygda og han leia oss gjennom kvelden på ein kunnskapsrik og god måte!

Sjå video frå kvelden på Midtsiden.no:https://www.midtsiden.no/davy-wathne-sitt-intervju-med-john-lepsoy

Davy starta med å ynskje Os-ordførar Terje Søviknes velkommen på scena. Han gratulerte med jubileet og overrekte ein gåve på 10 000,- frå kommunen som skulle øremerkes ny projektor til klubbhuset. NFF Hordaland var også på plass med Anniken Schimmer Hoff som i likhet med Søviknes overrekte ein gåve frå kretsen. Tusen takk til begge!

Legendemøte på scenen
Når så Os-sangen runga ut over Bjørnafjorden var stemninga satt og legenden John Lepsøy (86 år) blei invitert opp på scena til eit historisk tilbakeblikk. «Ja, visst faen huska eg krigen», lyd det frå keeper-legenden til rungande latter i salen. Lepsøy kom med fleire gullkorn og mimra blant anna tilbake til når Davy og Lepsøy spelte kamp mot kvarandre på Kalandseid og til kampane mot Brann. Brannspelarane kalla dei for potetbønder, som ikkje falt i god jord hos osingene, som blei einige om å gjere Brannspelarane til potetstappe. Det falt i smak i salen!

Frode Steffensen og Bjørn Valle som er Os-helter frå nyare «gamledager» var også på scena. Bjørn var del av gjengen som sytte for det historiske opprykket til øverste divisjon i 1974 og Frode spelte i generasjonen som fulgte på 80 – og 90-tallet. Dei fortalte om dei gylne tidene og blei begge spurt om det var mogleg å gjenskape noko liknande i Os. Dei oppfordra dagens menn til å halde saman og fokusere på det fysiske – då er alt mogleg!

Prisdryss

Ærespris til Tore og Annette
Ei rekkje priser blei også delt ut. Frivillighet er Os Fotball sitt grunnfjell og me er utruleg takksam for dugnadsånden på Kuventræ! Utan frivillig innsats hadde ikkje Os Turn Fotball eksistert gjennom 100 år! Tore og Annette har gjort ein formidabel innsats for klubben i ei årrekkje, både som trenar, i kiosken, rundt arrangement og i styreverv. Dei blei velfortent løfta fram for innsatsen og fekk ærespris under jubileet!

Årets ildsjeler
Radarparet Karsten Røttingen og John Ole Johannesen fekk pris som årets ildsjeler. Den nevedyktige duoen har lagt ned utallige dugnadstimer på Kuventræ med alt frå snømåking til oppussing på klubbhuset. Dei kjørte også tur/retur Ullevål for å hente tribunestoler, som dei også har montert på tribunen. Dette er berre noko på ei lang liste som dei har gjort. Klubben set stor pris på innsatsen!

Årets ildsjeler: John Ole Johannesen og Karsten Røttingen (Foto: Hordalandsfotball, Odd Løvset)

Årets samarbeidspartnar
Klubben har mange gode og nære samarbeidspartnarar og det er difor alltid ein stor glede å dele ut prisen «årets samarbeidspartnar». I år gjekk prisen til mangeårig sponsor Hodneland Bygginnredning! Hodneland Bygginnredning med Egil Hodneland i spissen har vore ein viktig økonomisk støttespelar i mange år, i tillegg til å ha bidratt i styreverv og i praktisk gjennomføring. Egil har blant anna vore trenar for damelaget i 1.divisjon på 80-talet, vore sportsleg leiar, hatt verv i styret og kampvert rundt herrelaget sine kamper. Han er også alltid positiv og behjelpelig om klubben trenger hjelp med ulike arrangement. Me er glad Hodneland Bygginnredning og Egil er med oss på laget!

Årets samarbeidspartnar: Hodneland Bygginnredning med Egil Hodneland i spissen (Foto: Hordalandsfotball, Odd Løvset).

Våre to største sponsorar i Jan Frode Skeie i Sport Norge og Ole-Vidar Skaathun i Magnor Vinduet fekk også ein velfortent hyllest for den fantastiske støtta dei har gjeve klubben i ei årrekkje!

Jan Frode Skeie (Sport Norge), Ole-Vidar Skaathun (MagnorVinduet) og Egil Hodneland (Hodneland Bygginnredning) fekk alle merksemd for sin støtte til klubben gjennom mange år (Foto: Midtsiden, Kjetil Vasby Bruarøy).

Ellevill auksjon og stor gavmildhet
Ei eldre Os-drakt, med signatur frå fleire av Os Turn Fotball sine største profiler gjennom åra, blei stilt ut til det som skulle vise seg å bli ein ellevill auksjon. Det tok nemleg ikkje lang tid før Ole-Vidar Skaathun og Ståle Daae Børnes frå samarbeidspartnarane våre Magnor Vinduet og Bergen Marinesenter skrudde prisen i taket på Oseana. Ole-Vidar tok til slutt siste stikk med eit bud på 200 000 kr! Heilt utruleg!

Tidligare på kvelden hadde Ole-Vidar i tillegg overraska klubben med ei gåve på 100 000 kr i anledning jubileet. Ståle Daae Børnes frå Bergen Marinesenter gav også det same beløpet i gåve. Og om ikkje det var nok, las Endre Brenne opp ei gratulasjonshelsing frå Knut Jarle Aspenes med 150 000 kr i gåve! Me er overvelda og utruleg takksame for gavmildheten! Tusen hjertelig takk!

Ole-Vidar Skaathun vann også i år auksjonen (Foto: Hordalandsfotball, Odd Løvset).
God stemning mellom Ståle Daae Børnes og Ole-Vidar Skaathun som kjempa om den signerte Os-drakta (Foto: Midtsiden, Kjetil Vasby Bruarøy).

Priser til dame-, herre og gatelaget
Det blei delt ut priser til spelarar som hadde utmerka seg på dame- og herrelaget i 2019:
Årets toppscorere: Vy May Nguyen og Roger Blokhus Ekeland
Årets mest fremgangsrike: Tuva Søreide Solberg og Anders Hjelle Havsgård
Årets spelarar: Thale Strønen Skeie og Marius Mikkelsen
Årets toppscorer gatelaget: Dan Andrew.

(Foto: Hordalandsfotball).

Hyllest til Kjell Ove Lunde
Blant mange gode spelarar gjennom Os Turn Fotball sin hundre år gamle historie er Kjell Ove Lunde ein av dei største talenta som har spelt på Kuventræ. Kjell Ove blei hylla av Davy på scena, som kunne fortelle om kva inntrykk osingen hadde gjort på seg sjølv og hos store internasjonale stjerner etter ein firelandsturnering med gutelandslaget. Kjell Ove blei kåra til turneringens beste spelar og mange trudde han ville bli plukka opp av større klubber. Sjå hyllesten på Midtsiden (link tidligare i saken).

(Foto: Midtsiden, Kjetil Vasby Bruarøy).

Odd Løvset og Trond Gausemel er godt kjent for alle som følger lokalfotballen. Dei gjer ein formidabel jobb med å dekke kva som skjer i hordalandsfotballen og har virkeleg vore med å auke interessa. Os Turn Fotball set stor pris på arbeidet dei gjer og ynskja å gje dei noko tilbake. Dei var begge på gallaen og fekk kvar sin blomsterbukett på scena.

Odd Løvset og Trond Gausemel frå Hordalandsfotball (Foto: Midtsiden, Kjetil Vasby Bruarøy).

Tusen hjertelig takk til alle i og rundt Os Turn Fotball gjennom 100 år; frivillige, samarbeidspartnarar, medlemmer, supportere og øvrige fotballvenner! Tusen takk til alle som var med å feire jubileet i Oseana, dykk gjorde det til ein verdig markering! Me er overvelda over alle gratulasjoner, helsinger og gåver – tusen takk!