Fabelaktig Barnas dag på Kuventræ!

 

 (Foto/klipp: Ørjan Håland, Midtsiden/Varde). 

Os Fotball inviterte i går til Barnas dag og A-lagskamp for herrene, og for ein fabelaktig dag me fekk på Kuventræ! Det vrimla med blide born og vaksne som storkoste seg med mange gøye aktivitetar på Kuventræ-matta, før dei fylte opp tribuna til A-laget sin kamp mot Loddefjord. Med eit oppmøte på heile 640 tilskodarar lyfta publikum A-laget fram til storsiger!

Tidligare i år kunne Os Fotball, med initiativtakar Mats Cato Moldskred, fortelle om arrangementet Barnas dag. Dette var ein idé han hadde teke med seg frå opphaldet sitt i obosligaklubben Kongsvinger, der næringslivet sponsa inngangsbilletten til kvar tilskodar i det dei kalla kronekampen.

Os Fotball ynskte å gjere ein eigen vri på konseptet, og laga difor til gratisarrangementet Barnas dag, med mål om å lage til ein fotballfest for alle born og unge i bygda, med ei rekkje artige aktivitetar. Med hoppeslott, boblefotball, skudd-radar, hurtighetsmåling, ansiktsmaling og fleire andre aktivitetar, var det stor iver og breide smil på Kuventræ. Alle borna fekk gratis frukt og grønt, medan Eat Move Sleep-Kiosken hadde sal av lapskaus og andre sunne godsaker.

Etter aktivitetane trakk alle dei frammøtte over til tribuna for å støtte A-laget herrer i sin kamp mot Loddefjord. Inngangsbilletten til kampen var det næringslivet i Os som stod for, og heile 640 menneske fylte opp tribuna. Alle dei frammøtte skapte ei fantastisk ramme rundt kampen, og den gode energien frå tribuna såg ut til å smitte over på Os-spelarane. Os var spelesugne og såg ut til å vere lystne på å vise seg fram frå ei god side. A-laget valsa over Loddefjord i 1.omg og leda heile 4-0 til halv tid, etter scoringer av Marius Mikkelsen (11. og 33.min), Øystein Takle Eide (22.min) og Torkel Hjertnes (39.min). Loddefjord hadde lite å stille opp med og Os-leiinga kunne vore enda større til pause.

I pausen var det pauseunderhaldning med danseframvisning frå omlag 40 sprudlande born, etterfulgt av utdeling av ei rekkje flotte premiar. Alle tilskodarar fekk utdelt eit lodd før kamp, som kunne gje gevinstar frå Borg vêr, Jernia og Sport Norge. I tillegg var det utdeling av premie på den faste Os Fotball Brødet-trekninga. Det var med andre ord også mykje som skjedde i pausen, både på tribuna, på bana og i kiosken.

Etter ein forrykande fyrste omgang, blei ikkje 2.omg av same sort. Tempoet og kvaliteten datt nokre hakk, men Os fortsette å skape store sjansar og vann til slutt komfortabelt. Scoringar av Frode Storebø (66.min) og Erik Kanestrøm (90.min) fastsette sluttresultatet til 6-0. Sett under eitt var det ein solid gjennomført kamp av herrane våre, som held stø kurs mot ambisjonen om opprykk.

Neste kamp for herrane er mot Sund på Hald stadion, søndag 9.september kl. 16.00.

TUSEN TAKK

Tusen hjarteleg takk til alle for ein strålande dag med Barnas dag og A-kamp på Kuventræ!

Me må rekkje ein stor takk til næringslivet som var så positive til å lage ein fest for born og unge i bygda.

Tusen takk til leierut.no for lån av boblefotball, Aleksander Lindkvist for lån av hurtighetsmåler, Sport Norge for lån av skudd-radar, Lilleballong for lån av ansiktsmaling og Roar Wold for lån av hoppeslott!

Tusen takk til dansecrewet for strålande pauseunderhaldning.

Tusen takk til Borg vêr, Sport Norge og Jernia for flotte premier.

Me må også rekkje ein stor takk til initiativtakar Mats Cato Moldskred og dagleg leiar Endre Brenne, som har gjort arrangementet mogleg.

Sist men ikkje minst må me rekkje ein stor takk til alle frivillige som stilte opp på dugnad! Nok ein gong viser folk i bygda og klubben sin fantastiske dugnadsånd!

640 tilskodar fylte opp tribuna til Os-Loddefjord (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Gøy med boblefotball!

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Fresh ansiktsmaling frå nokre av damelaget sine spelarar.

Gratis frukt og grønt til alle born på Barnas Dag!