Endeleg kom årets fyrste siger for Os 2

Etterlengta jubel (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Endeleg kunne Os 2 juble for årets fyrste siger i 4.divisjon

Det unge Os-mannskapet styrte kampen frå start til slutt og produserte eit dryss med sjanser. Elias Heggland Myrlid sendte Os i føringa like før pause, men rett etter kvilen utlikna Trio. Det såg nok ein gang ut til at Os skulle få lite igjen for ein god prestasjon, men i det kampen tikka mot 90 minutter kunne ein endeleg strekke armene i vêret. Henrik Tysse Sperrevik satte inn det forløysande 2-1 målet, før Niklas Lunde Fosen punkterte kampen på overtid, til euforisk glede i Os-leiren. Fortent siger og årets fyrste 3 poenger til Os 2.

Søndag 2.juni kl. 14.00 tek Os 2 turen til Stemmemyren for å lage trøbbel for opprykksfavoritt Sandviken.