A-laget er endeleg på vinnersporet på Kuventræ!

Det tok sin tid, men mot Brann 2 kunne ein endeleg sleppe jubelen laus for årets fyrste heimesiger. I ein tett og tøff kamp var det Os som trakk det lengste strået og beseira Brann sine reserver 1-0 til stor lettelse og glede i Os-leiren. I ettertid har også Valdres vore på besøk – den kampen enda 10 – 0 til Os!

Det var eit revansjesugent Os-lag som var klare for å hente heim ein etterlengta siger på heimebane når Brann 2 kom på besøk. Eit stort Kuventræ-publikum kunne sjå eit energisk og framoverretta Os-lag mot Brann 2 som stilte med fleire spelarar frå a-stallen. Os hadde flest og størst sjanser, medan Brann hadde noko større besittelse av ballen, men utan å skape dei store farligheitane. Det var difor fortent at Mats Cato Moldskred si scoring avgjorde kampen i Os sin favør! Moldskred blei for øvrig også kåra til dagens osing. Totalt sett ein solid lagprestasjon. Endeleg satt det for A-laget på Kuventræ!

Os – Brann 2: 1 – 0
Mål: Mats Cato Moldskred

Matchvinnar og dagens osing mot Brann 2, Mats Cato Moldskred (Foto: Hordalandsfotball).

Stort publikum mot Brann 2 (Foto: Hordalandsfotball)

(Foto: Hordalandsfotball)

Sogndal 2 – Os: 2 – 0

I den neste kampen stod Sogndal 2 for tur på Fosshaugane Campus. Det blei ein tøff kamp mot eit forsterka Sogndal-mannskap. Os hang lenge godt med og hadde fleire store moglegheiter, men det var ikkje ufortent at kampen enda 2-0 til Sogndal 2. Nærast mål var Stian Dyngeland som smalt ballen på innsida av stolpen.

Os – Valdres: 10 – 0 

På Kuventræ var det tilbake på vinnarsporet mot tabelljumbo Valdres. Valdres har slitt stort i årets sesong og makta ikkje å stille med fullt lag mot Os på Kuventræ. Valdres stabla ni mann på beina og det blei dermed ein veldig spesiell kamp. Til tross for tynt mannskap forsvarte Valdres seg som heltar og det tok 20.minutter før Os fekk hol på byllen. Etter at det fyrste målet var i boks, rant det inn til kvilen og det stod 8-0 til pause. Os gjorde ein del bytter og andre omgang blei berre ein transportetappe. Os slapp opp på gasspedalen og kampen enda 10 – 0.

Neste kamp for herrelaget er på laurdag mot Djerv 1919 på bortebane!