Elektrisk juleavslutning for barnefotballen!

Laurdag hadde me juleavslutning for barnefotballen i Os Fotball med fotballturnering, graut, besøk av julenissen og quiz. Det var like før taket på klubbhuset letta når julenissen kom på besøk og delte ut mandariner i god Eat Move Sleep-ånd. Det blei ein fin avslutning på ein sesong med mykje god aktivitet for born og unge i klubben!

Tusen takk til alle som hjalp til med gjennomføringa av juleavslutninga og til dykk som gjev born og unge ein trygg og god møteplass med mykje god aktivitet!

Tusen takk for i år og riktig god jul!