Ein for alle og alle for ein!

I desse dagar utspelast den kanskje aller viktigaste kampen me vil spele i heile vårt lange liv. I barne- og undomsfotballen brukar me å seie at resultatet ikkje betyr noko – men det gjeld ikkje for denne kampen! No er det alvor og denne kampen SKAL me vinne! Det er ein for alle og alle for ein!

Me spelar alle for Norge og er på lag med andre nasjonar! Vår kaptein er statsminister, Erna Solberg, og taktikken vår er krystallklar: Hald avstand, vask henda ofte og grundig, opphald deg mest mulig heime, unngå store folkemengder og ta vare dine nærmaste. Vår mostander, COVID -19 viruset, har aldri høyrt om FAIR PLAY. 

Bak denne store kampen spelast mange mindre kampar, men som alle er av stor betydning. Me i Os Fotball står som alle andre overfor nye utfordringar. Det handlar om å ha ein klubb å komma tilbake til når krisa er over. Fotballstyret har derfor tatt nødvendige grep for å redusere driften, kutta kostnader og planleggje gjennoppstandelsen. Me vonar ansatte, trenarar, spelarar, dommarar, samarbeidspartnere og frivillige ikkje vender klubben ryggen i tida som kjem. 

I løpet av februar og mars blei det meste av vårens treningsavgift fakturert. Me vonar dei som har betalingsevne betaler denne. Dersom du har utfordringar med å betale, vær så vennleg og gje oss ei melding så finn me ei løysing saman.

Dugnad er eit ord som er blitt brukt tett dei siste dagane, og er det noko fotballfamilien vår kan så er det dugnad. Fotball-Norge er tufta på nettopp det!  Ein felles dugnad der me spelar med hjartet utenpå drakta, støtter kvarandre, tenker positivt og gir alt me har! Då vinne me kampen! 

Beste helsing 

Fotballstyret

Inkluderande-Humør-Levande-Ambisiøs