«Det er ei fantastisk kjensle å komme heim»

Mats Cato Moldskred returnerer til Os Fotball, noko dagleg leiar Endre Brenne er særs nøgd med.

 

MATS CATO MOLDSKRED ER KLAR FOR OS FOTBALL!

«Det er ei fantastisk kjensle å komme heim», seier den ferske Os-spelaren Mats Cato Moldskred.

Mats Cato Moldskred returnerer til moderklubben Os fotball etter fleire gode år i Obosligaklubben Kongsvinger IL Toppfotball. Den målfarlege angriparen har signert ei treårig avtale på Kuventræ. Mats Cato har bøtta inn mål i Obosligaen for Kongsvinger, men kjenner seg no klar for å ta fatt på nye utfordringer.

«Eg har vore lenge vekke og følte det var god timing å komme heim til Os no. Det er fantastisk å komme heim. Det er sjølvsagt også vemodig å forlate Kongsvinger. Eg har hatt ei fantastisk tid der, men kjente no at tida var inne for nye utfordringer og å gjere noko anna i tillegg til fotballen.»

Mats Cato ynskjer å bidra godt både på og av fotballmatta, og har eit brennande ynskje om å hjelpe Os Fotball opp på beina igjen.

«Eg er ein kreativ spelar, som ynskjer å bidra til å skape ting på bana, men også å bidra godt i garderoben og i miljøet kring klubben». 

Håper å skape mykje glede på Kuventræ igjen

Mats Cato håper både han og laget kan skape mykje glede på Kuventræ igjen for alle som er glade i klubben i tida framover.

«Det kan bli ei fantastisk reise for Os Fotball. Os har alle moglegheiter i heile verda til å skape noko bra igjen på Kuventræ. Skape ein identitet, skape ein klubb som kan klatre høgare i divisjonssystemet igjen. Dette er noko eg har lyst å bidra til, og noko av grunnen til at eg kjem tilbake til Os Fotball no. Eg er glad i klubben og ynskjer å bidra til å få klubben til eit nivå den fortjener å vere på!»

Os Fotball ynskjer Mats Cato hjarteleg velkommen tilbake til klubben!