EG SKAL PÅ LANDSLAGET!

Her er Vilde Drange Veglo(t.h) på Landsdelssamling i Porsgrunn.

Denne veka har eg hatt mi arbeidsveke på Kuventræ, medan andre på min alder har hatt sin arbeidsveke andre stadar i Os som blant anna forskjellige daglegvarebutikkar. Det har vore ein veldig interessant veke med diverse utfordringar. Arbeidsdagane starta klokken 10:00, og slutta klokken 16:00. Med andre ord var dette ein veldig grei arbeidstid.

Eg valde å ha min arbeidsveke på Kuventræ, for å kunne bruke så mykje tid på banen som mogleg. Dette har eg fått gjennomført, da eg har vore med som trenar på Os FFO (Fotball Fritids Ordning). Anna arbeid eg har vore med på denne veka var å rydde bod, sende mail og jobba med å få inn sponsorinntekter.

Eg skal inn på landslaget ein dag, men når veit eg ikkje. Dette er ikkje noko hastverk, så lengje eg fortsetter å utvikle meg.

Som ein ambisiøs fotballspelar var ikkje det å jobbe på ein daglegvarebutikk eit alternativ, når eg hadde ein moglegheit for å tilbringe enda meir tid på Kuventræ. Eg spelar på Os gutar 15/16. Dette er ein gjeng med gode spelarar, så eg får ein god matching i min kvardag. Alt er tilrettelagt til at eg skal bli ein god fotballspelar. Som mål dette året har eg å utvikle meg som fotballspelar, og på lengre sikt nå så langt som mogleg. Eg skal inn på landslaget ein dag, men når veit eg ikkje. Dette er ikkje noko hastverk, så lengje eg fortsetter å utvikle meg.

Eg har vore med på Hordaland sitt 2002 Kretslag sidan det starta hausten i 2015. Der har eg vore med på alle samlingane, og har også fått æra av å være kaptein for den ambisiøse gjengen. I mars dette året vart eg også teken ut til Landsdelssamling i Sarpsborg. Det å få kjenna på nivået var utruleg motiverande for å jobba hardare framover, og å gjera alt som må til for å utvikla meg og koma på landslaget. Eg hospiterer også med toppserielaget til Arna Bjørnar, og det har også vore med på å utvikle meg som fotballspelar dette året. Eg har fått kjenne på det nivået eg skal opp på ein dag, og eg får sjå kor lista ligger.

Alt i alt har dett vore ein veldig lærerik veke. Eg fått meir innblikk i korleis ein klubb blir styrt, og kor mykje dei som arbeider i klubben gjer for at alt skal vere tilrettelagt for alle spelarane i klubben. Sjølv hadde eg ikkje ein aning om kor mykje arbeid det er å drive ein klubb. Hadde eg hatt ei arbeidsveke til, hadde eg utan tvil valt å ha den på Kuventræ igjen. Med det vil eg seie takk for meg!

-Vilde Drange Veglo