Os Fotball har igjen stor glede av å invitere til årets høgdepunkt på Kuventræ – Os Fotball Eat Move Sleep Cup 2019 – Norges mest bærekraftige cup, 31.august og 1. september! Denne helga blir det arrangert turnering for jenter og gutar i alderen 6 – 12 år, i tillegg til mykje anna moro på Kuventræ!

PÅMELDING: https://www.profixio.com/reg/os-fotball-eat-move-sleep-cup-2019

CUP-INVITASJON: EAT MOVE SLEEP-CUP INVITASJON 2019

PÅMELDINGSFRIST: Mandag 12.august kl. 23.59.

EAT MOVE SLEEP er eit konsept som har som mål å betre folkehelsa og set fokus på sunne livsstilsvaner gjennom å formidle viktigheten av fysisk aktivitet, kosthald og søvn. Konseptet er ein nasjonalt offensiv iverksatt av Norges Fotballforbund, Bama Gruppen og Eat Initiative. Os Fotball har også i år fått fornya tillit til å vere ambassadørklubb for konseptet og me vil fortsette å spreie det gode bodskapet!

Os Fotball Eat Move Sleep Cup 2018 blei ein bærekraftig fotballfest på Kuventræ! Med over 170 påmeldte lag, fantastisk vêr, ei rekkje med miljøvennlege tiltak og besøk av flust med kjendiser, som blant andre Randulle (Sander Austad Dale), Gunhild Stordalen og dei olympiske mesterne Sverre Lunde Pedersen og Håvard Lorentzen, samla arrangementet i fjor fleire tusen mennesker og var av det unike slaget. Me ynskjer å gjenta denne suksessen!

Os Fotball Eat Move Sleep Cup er ein unik cup utenom det vanlige, så ikkje nøl, meld på ditt lag og bli med på ein årets fotballfest i 2019!