E-sportlaget er klare for sluttspelet i NM-kvalikken

Bilete: Ørjan Håland, Midtsiden.

E-sportlaget har gjort reint bord i gruppespelet og er på laurdag klare for sluttspelet for å kvalifisere seg til NM!

Laget har allereie sikra gruppesigeren før siste kamp i gruppespelet. Den blir spela laurdag formiddag, før det er duka for sluttspelet og livesendinger på facebook (Os Fotball) frå kl. 14.00 – 18.00. Kvartfinalen starter kl. 14.00. Me har teke ein prat med ein av lagets spelarar, Tommy Wold Gjelsvik.

Kva tanker og ambisjoner har du om sluttspelet som startar på laurdag?

Målet er såklart å bli krinsmeistrar. Ingenting anna er godt nok!

Kven trur du blir den tøffaste motstanderen i sluttspelet?

Blir vel kanskje Solid eller Stord. Har spela mot Solid, og dei virkar rimelig solide trass at me vann to og hadde ein uavgjort. Ein god dag kan vere avgjerande. Stord har også levert suverene resultater i gruppa si, så eg forventer at det også blir eitt tøft lag å møte.

Kva meiner du kreves for å bli ein topp Fifa spelar i Norge?

Dedikasjon, vilje og støtte. Dette er ein grein mange foreldre kanskje ikke er så godt kjent med, som også bare kjem til å vakse iløpet av årene. Eg er ganske sikker på at om eg ikkje hadde fått moglegheiten til å bruke så mykje tid på Fifa som det eg har fått lov til av foreldra mine, så hadde eg ikkje vore her idag. Så støtte og forståelse frå foreldre er utroleg avgjerande. Det krever tid og innsats, på lik linje som med andre sporter for å bli den beste. Man må også ha ein god evne når det kjem til reaksjoner, speleforståelse og problemløysning. Alle desse faktorene er med å avgjere ein kvar situasjon når kampen er igang. Sist men ikke minst, så må han halde hovudet kaldt! Man blir aldri den beste av å takle motgang i kamper med å skylde på andre enn seg sjølv!

Fylg Tommy og laget på vegen mot NM! Heia Os!