Duka for nytt lokalderby

Mandag 17.september kl.19.00 er det duka for nytt lokalderby mellom Os 2 og Søfteland på Stilvoll (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Det var stort engasjement omkring lokalderbyet i 5.div mellom Os 2 og Søfteland på Kuventræ i vår. No er det duka for nytt derby, mandag 17.september kl.19.00 på Stilvoll!

Lokaloppgjeret mellom Os 2 og Søfteland på Kuventræ i vår blei aldri av det spennande slaget. Os 2 sine unggutter sprang gjengen frå Søfteland i senk, og vann til slutt oppgjeret 5-1. Sidan den gang har Os 2 vunnet 9 av 10 kampar og skaffa seg ein strålande posisjon i opprykkskampen før siste del av sesongen. Den unge Os 2-gruppa har gjennom hardt og målbevisst arbeid klatra til tabelltopp, som er fantastisk og noko me håper dei klarar å oppretthalde. Bli med og støtt dei fremmadstormende osingane i det tøffe lokalderbyet på Stilvoll. Det er viktige poeng på spel i opprykkskampen, så laget har behov for all støtte dei kan få! Mandag kl.19.00 på Stilvoll. Ser deg der!

A-laget sin kamp mot NHH er flytta til søndag

A-laget sin kamp mot NHH er flytta til søndag 16.september kl. 19.00 på Kuventræ. Dette er klubbane blitt enige om etter at NHH ytra eit ynskje om å flytte kampen. I førre møte med NHH trakk Os såvidt det lengste strået og vann knepent 4-3. A-laget held fortatt stand på toppen av tabellen, men avga nesten poeng i førre kamp mot Sund. Dette viser at alle kampar i denne avdelinga lever sitt eige liv og må bli tatt like alvorleg, om det er eit lag i toppen eller eit lag i motsatt ende av tabellen. Det har A-laget så langt i sesongen vore flinke til og er noko av grunnen til at dei no har ein lang rekkje med sigrar. A-laget trenger fortsatt å helde trøkket oppe med konsentrasjonen og innsatsen i kvar kamp for å nå ambisjonane om opprykk. Vel møtt til kamp på Kuventræ på søndag kl.19.00!

Damelaget møter Fana 2

I dag, fredag 14.september, møter damelaget Fana 2 til dyst om nye poeng på Nesttun idrettspark. Os/Nore Neset er i siget om dagen og befinn seg på toppen av tabellen, medan motstanderlaget Fana 2 er å finne på nedre halvdel. I førre møte mellom laga vann damene våre 7-1 på Kuventræ. Kampen startar kl. 19.00! Vel møtt!

Heia Os!